Hopp til innhold

Høgsterett skal avgjere

Høgsterett skal avgjere om ein nordmørsmann braut besøksforbodet då han gjekk på treningsstudio i april i fjor. Mannen hadde fått besøksforbod mot sin tidlegare sambuar, og oppsøkte etter ei tid eit treningsstudio i Molde der begge trente. I dommen frå Frostating lagmannsrett blei han frifunnen for brot på besøksforbodet, men påtalemakta meinte at han krenka kvinna ved å gå på treningsstudioet. No skal Høgsterett avgjere spørsmålet.