Hopp til innhold

Svanene blir drepne i møtet med høgspentlina – naboane krev at lina blir lagt i jorda

Mange svaner har mista livet etter å treft høgspentlina som går gjennom eit naturreservat på Sunnmøre. No krev grunneigarar og fugleekspertar at lina blir lagt i kabel i jorda.

Svaner blir drept på grunn av sammenstøt med høgspentlinja som går gjennom Grimstadvatnet naturreservat i Hareid kommune.

Dei døde svanene har gjort eit stort inntrykk på grunneigarane ved Grimstadvatnet.

Foto: privat

– Det er stadig vekk svaner som går på lina her. For kort tid sidan var det to svaner som blei råka i løpet av tre-fire dagar.

Kjell Mork Soot følgjer nøye med gjennom kikkerten. Han er leiar i Sunnmøre Ringmerkingsgruppe. Fuglane har vore ein viktig del av livet hans. Han har brukt tusenvis av timar på å ringmerke fuglar og er ein av dei fremste på dette området.

No er han uroa. Soot bur nemleg rett ved Grimstadvatnet naturreservat i Hareid, der ein stadig vekk finn døde svaner. Dei har mista livet i møtet med høgspentlina som går gjennom naturreservatet.

For ein fugleentusiast er det eit trist syn å sjå.

– Til saman er det kring ti svaner som har mista livet her dei siste åra, seier Soot.

Gunmar Grimstad og Kjell Mork Soot har funnet svane som er blitt drept av en høgspentlinje på Grimstadvatnet naturreservat i Hareid.

Gunmar Grimstad og Kjell Mork Soot har funnet ei svane som er blitt drepen av ei høgspentlinje på Grimstadvatnet naturreservat i Hareid.

Foto: privat

– Legg lina i kabel

No er kravet frå grunneigarane i området at to kilometer av høgspentlina blir lagt i kabel i jorda. Dei vil ha slutt på at svanene blir råka på denne måten.

Og han som har ansvaret for linenettet i dette området, har fått med seg saka som først blei omtalt i Sunnmørsposten. Administrerande direktør i Linja AS, Rune Kiperberg, seier dei tar problemet på høgste alvor.

– Det kan sjå ut som dette problemet er større enn det vi har trudd tidlegare. Vi er sjølvsagt opptatt av dyrevelferd. Korleis vi påverkar nærmiljøet vårt er viktig for oss.

Rune Kiperberg, administrerende direktør i Linja AS.

Rune Kiperberg, administrerande direktør i Linja AS, ønskjer å finne ei løysing.

Foto: Arne Flatin / NRK
  • Hugsar du kjendissvanen Hamnesjefen? Då eit museum ville stille han ut for å illustrere konflika mellom menneske og natur, var liket søkk borte...

Nede ved Grimstadvatnet er det registrert kring 50 svaner. Men det er ikkje berre svanene som uroar fugleeksperten. No har han registrert eit tranepar i området.

– Ho driv og beitar rett under høgspentlina saman med ungane sine. Eg er redd for at denne storfuglen kan gå på lina allereie i sommar, seier Soot.

Kjell Mork Soot protesterer mot høgspentlinja gjennom Grimstadvatnet naturreservat i Hareid som tar livet av mange svaner.

Kjell Mork Soot meiner at høgspentlina må bli lagt i kabel i jorda.

Foto: Arne Flatin / NRK

Grunneigarane vil at lina skal bli lagt i kabel i jorda. Nettselskapet har sett på ulike måtar å løyse problemet på, og Kiperberg seier dei vil vurdere når det er fornuftig å gjere den investeringa som er naudsynt ut frå ei totalvurdering

– Det er ei ganske stor investering på mange millionar kroner. Men det er ikkje avgjerande åleine. Vi må og sjå på dette i forhold til korleis vår infrastruktur påverkar omgjevnadane, seier han.