Hopp til innhold

Høgskulen fell frå kvarandre

Delar av Høgskulen i Volda er avsperra måndag, etter at ein betongbjelke er knekt. Kantina er evakuert.

Berte Kanutte fell saman
Foto: Ole Martinus Breivik

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Det er ei beresøyle i Berte Kanutte-huset som har fått seg ein knekk, seier rektor ved Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam.

- Området er avstengt, og bygningsfolk er på staden for å sjå på kva som kan gjerast, seier han.

- Større delar av skulebygget er stengt av no enn tidlegare, seier studenttingsleiar Ole Martinus Breivik. Studenttinget har kontor i bygget, og er også råka av utestenginga som vart sett i gang då sprekka vart oppdaga måndag morgon.

- Skummelt at det kan rase , seier han.

Kan rase ned

Avsperra på Berte Kanutte

Eit område inne i Berte Kanutte-huset er sperra av, etter at ei sprekke vart oppdaga måndag.

Foto: Ole Martinus Breivik

- Det er nok ein fare for at dette kan rase saman, og difor har vi stengt av aktuelle område, seier høgskuledirektør Jacob Kjøde.

Han seier at problemet vart oppdaga måndag morgon, og at Statsbygg som huseigar har sendt folk til skulen for å undersøke.

Lokalt problem

- Problemet er akkurat der, og det er ikkje truleg at dette vil spre seg, sa rektor Amdam like før klokka 11 måndag.

Berte Kanutte-kantine

Kantina på Høgskulen i Volda er måndag stengt av, etter at ein har oppdaga ei sprekk i ein berebjelke. Bjelken ligg bak til høgre i biletet.

Foto: Ole Martinus Breivik

Bygningsfolk er i 11-tida på staden for å vurdere kva som kan gjerast for å stabilisere bygget.

- Dei skal også vurdere kva som blir gjort på ein meir permanent basis, seier Amdam.

Hinder for ferdsel

Området som er stengt av ligg i fyrste etasje i Berte Kanutte-huset på høgskulen, der mellom anna administrasjonen og kantina på skulen er. Bjelken som er skadd ligg i kantineområdet, og det er avsperra eit område inne i huset.

- Dette er eit hinder for ferdselen, men ikkje mykje meir, sa Jørgen Amdam like før klokka 11. Då meinte han at dette ikkje ville ha store innverknader for undervisninga på skulen.

Berte Kanutte-huset er det nyaste huset til Høgskulen i Volda, og stod ferdig i 1998. I huset held mellom anna administrasjonen, biblioteket og kantina til. I tillegg finn ein mellom anna auditorium og datarom i huset.