Hopp til innhold

– Målet er at ingen skal drukne

Dei høge drukningstala er skremmande, meiner Redningsselskapet. No vil selskapet ta seg av livrednings­opplæringa i grunnskulen.

Ein stor flokk ungdommar hamnar i sjøen i Ålesund. I dag er dei trygge. Dei har våtdrakt og redningsvest.

Men til no i år har rekordmange 53 personar i Noreg mista livet i drukning. For heile året er det rekna med at nesten eitt hundre personar kjem til å drukne. Målet er at dette talet skal vere null. Kvart einaste år.

– Gøy og viktig

Niandeklassingen Oliver Hope deltar på livreddingskurs i Ålesund

GØY OG VIKTIG: Oliver Hope seier det er viktig å få god opplæring i livredning.

Foto: Mia Ytreberg / NRK

Ungdommane som ligg i vatnet i Ålesund er med på eit prosjekt som skal gjere denne visjonen til ein realitet.

– Dette er gøy. Og med tanke på kor mange det er som druknar, så er det bra at vi får lære meir om livredning. Vi blir også betre til å symje sjølve når vi held på med dette, seier niandeklassingen Oliver Hope.

Grethe Herlovsen, Redningsselskapet

SKREMMANDE: Generalsekretær i Redningsselskapet, Grethe Herlovsen, seier at utviklinga i drukningstala er skremmande.

Foto: Mia Ytreberg / NRK

Trygg i vatn

Regjeringa har vedteke ein nullvisjon for drukning i Noreg. Og Redningsselskapet følgjer opp. Organisasjonen har utvikla prosjektet Trygg i Vatn. Dette er utvikla for niandeklassingar. Målet er å auke kunnskapen og evnene til å klare seg i og ved vatn.

– Vi er svært uroa over at drukningstala stig i kystnasjonen Noreg. Vi må gjere ein større og betre innsats for å førebygge ulukker, seier Grethe Herlovsen, Generalsekretær i Redningsselskapet.

Kurs i livredning Trygg i vann vatn Redningsselskapet

God og trygg opplæring i livredning krev kompetente instruktørar og godt utstyr.

Foto: Mia Ytreberg / NRK

– Utfordring

No har kravet om opplæring i livredning også kome inn i den nasjonale læreplanen for grunnskulen. Der er det eit krav om at ungdomsskuleelevar skal forstå og gjennomføre livberging i vatn, i naturen. Det er opp til kvar skule å finne ut korleis opplæringa i livredning skal skje. Og det er krevjande å få til ei god og trygg opplæring.

Camilla Lorgen Viddal, lærar Ellingsøy barne- og ungdomsskole på livreddingskurs i Ålesund

ØKONOMI: Det er vanskeleg å finne plass til denne typen opplæring med dei budsjetta skulane har, seier rektor Camilla Lorgen Viddal.

Foto: Mia Ytreberg / NRK

– Eg ser mørkt på å måtte betale dette frå eige budsjett. Skulane har ein stram økonomi. Her har redningsselskapet med seg utstyr for ein million kroner. Slikt er ikkje lett å få til på eit stramt skulebudsjett, seier Camilla Lorge Viddal, rektor ved Ellingsøy barne- og ungdomsskole i Ålesund.

Redningsselskapet vil gjerne stå for både utstyr, instruktørar og det ein elles treng for ei slik opplæring. Men også denne organisasjonen ser at skulane har trong økonomi.

– Til denne forma for undervisning trengst det mykje utstyr, det må vere kompetente instruktørar, transport og logistikk. Det er vanskeleg for skulane å klare alt dette, seier Grethe Herlovsen i Redningsselskapet.

Ordførarkandidat i Ålesund, Monica Molvær (H) deltek på kurs i livredning i Ålesund.

På dette livredningskurset deltok også fleire politikarar frå Ålesund og nabokommunane. Her er det ordførarkandidat Monica Molvær (H) som kastar ut ei redningsbøye.

Foto: Mia Ytreberg / NRK

Forsøker å overtyde politikarane

Denne dagen var også politikarar frå Ålesund og nabokommunane inviterte til å sjå korleis niandeklassingane kan undervisast i livredning. Alle politikarane som var til stades på flytebrygga hadde berre positive ord å seie om det dei såg.

– I eit kystområde som vårt er dette viktig for å sikre liv, seier kommunestyrerepresentant Henriette Bryn (Ap).

– Dette er ein vinn, vinn situasjon for elevane, for kommunen, Redningsselskapet og helsa, seier Hans Ketil Knudsen (Ålesundlista).

– Dette er kjempeflott. Det har høg kvalitet og god effektivitet, seier Tore Johan Øvstebø (KrF).

– Å vere sjøvant kan redde liv. Eg har sjølv falle i sjøen i februar utan redningsvest. Det å ha kunnskap om korleis ein kan handtere ein slik situasjon kan redde liv, seier Monica Molvær (H).

Les også Elevene skal lære livredning ute – skolene må selv finne ut hvordan

Ny læreplan krever at ungdomsskoleelever skal lære seg livredning i naturen

Gøy skuledag

Generalsekretær i Redningsselskapet seier at prosjektet «Trygg i Vatn» er eit tilbod., men at det viktigaste er ikkje at det er akkurat denne løysinga kommunane vel.

– Ja, vi har laga eit opplegg for skulane. Men vi er aller mest opptekne av at politikarane skal setje skulane i stand til å oppfylle denne delen av læreplanen.

Og for skuleelevane blei dette ein annleis skuledag.

– Dette var gøy. Det er gøy å bade. Eg var overraska over at det ikkje var kaldare. Og det er bra at vi får lære meir om livredning, seier niandeklassingen Oliver Hope.

Livredningskurs for niandeklassingar i Ålesund

Det blei ein heilt spesiell skuledag for niandeklassingane som deltok på livredningskurset.

Foto: Mia Ytreberg / NRK