Høg musikk og narkotika

Politiet fekk melding om høg musikk frå ein bustad i Kristiansund sentrum søndag. Då dei rykte ut til staden, fann dei mindre mengder med narkotika. Bebuarane vert meld for oppbevaring av narkotika, opplyser politiet på Twitter.