Hopp til innhold

– Fekk ikkje utteljing på sjansane

Hødd gjekk på eit trasig nederlag mot Kongsvinger heime på Høddvoll. Laget frå Ulstein spelte ein god kamp, men klarte ikkje å score mål.

Video Sammendrag 1. divisjon: Hødd - Kongsvinger

Sjå video med samandrag av Hødd-Kongsvinger. Hødd var spelemessig i føringa i store deler av kampen - men fekk to mål mot seg.

Kongsvinger scora eit tidleg mål. Adem Güven var tidleg frampå og scora alt etter ni minutt. Og måten målet kom på var gjerne typisk for denne kampen.

Ein Høddspelar slo ei dårleg pasning som vart snappa opp av ein Kongsvingerspelar. Då var vegen fram mot mål meir eller mindre klar, og Hødd sin målmann hadde ikkje sjanse til å avverje scoring.

– Det er ikkje alltid fotball er rettferdig. I dag hadde vi fortent å vinne. Men vi klarte ikkje å score mål, og då vinn vi ikkje fotballkampar, seier trenar Lars Arne Nilsen.

– Men via NRK's Nett-TV kunne vi sjå mykje godt spel av Hødd..

– Vi spelte ein god kamp. I alle fall mellom 16-metrane. Men det blir ikkje poeng av slikt. Og vi må unngå å sleppe inn slike mål som vi gjorde i dag. Vi hadde sjansar, og vi må omsetje slike sjansar i mål, seier Nilsen.

– Var det personlege feil som felte Hødd denne gongen?

– Ja, begge måla imot kom etter kjedelege personlege feil. Slikt kan vi ikkje gjere på dette nivået. Dette blir vi straffa av når vi møter slike spelarar som i dag, seier Nilsen.

I sluttminutta, medan Hødd jaga etter ei utlikning, scora Kongsvinger på nytt. Ein Høddspelar ramla på baken og den næraste Kongsvinger-spelaren fekk ei enkel oppgåve med å snappe ballen, og vegen mot mål blei enkel. Kongsvingerspelaren blei felt innanfor 16-meteren, og Kongsvinger scora på straffa.

Korleis prioriterer de no, når de på ein måte har hamna i bakevja mellom toppen og botnen på tabellen?

– No handlar det om å spele to gode kampar til. Vi skal avslutte sesongen på ein skikkeleg måte. Vi tek med oss dei poenga vi kan. Så handlar det om starten på neste sesong. Tabellplasseringa har litt med økonomi å gjere også. Og det har litt med kva motstandarar vi kan få over nyttår når vi skal til La Manga, seier Nilsen til NRK.