Hopp til innhold

Ho vil - men får ikkje betale eigedomsskatt

Margrethe Velle Ødegård (40) får ikkje betale eigedomsskatt i Sykkylven. Ho og 11 andre har skrive under på eit opprop der dei ber om å få betale. Men politikarane sa måndag kveld nei.

Margrethe Velle Ødegård

Margrethe Velle Ødegård og 11 andre sykkylvingar blei nedstemde då formannskapet behandla spørsmålet om eigedomsskatt i Sykkylven måndag kveld.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

Måndag kveld er det klart at fleirtalet i formannsskapet i Sykkylven seier nei til eigedomsskatten som fleire innbyggjarar no ber om.

I eit opprop som sto på trykk i Sykkylvsbladet før helga, kom det fram at fleire kvinner og menn ber om å få betale, fordi alternativet er dårlegare. I brevet heiter det mellom anna:

"Vi vil med dette be om å få betale eigedomsskatt. Ikkje fordi vi ønskjer eller treng fleire utgifter, men fordi vi meiner vi ikkje har råd til å seie nei til eigedomsskatt".

Les også:

Opprop i Sykkylvsbladet for eigedomsskatt

I eit oppror i Sykkylvsbladet ba fleire innbyggjarar før helga om å få betale eigedomsskatt.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

Ser forfallet dagleg

Ei av dei som har skrive under er Margrethe Velle Ødegård (40). Ho ser dagleg forfallet i skulen, som lærar ved Vik barneskule.

- Ein kan bli litt matt når ein er på slike arbeidsplassar som min. Det er veldig nedsarva overalt kvar du snur deg. Ein må prøve å halde motet oppe og gjere jobben sin, men det er klart ein skulle ønskje at forholda kunne bli betre, seier ho.

Har tru på eigedomsskatt

Sykkylven kommune har ein anstrengt økonomi, og rådmann May-Helen Molvær Grimstad foreslår difor å innføre den omstridde eigedomsskatten. Det vil kunne gje årlege inntekter på 7,5 millionar kroner. Ho meiner det er til beste for innbyggjarane.

- Det blir i alle fall ikkje kutt innanfor pleie og omsorg, slik som det vil bli dersom det ikkje blir innført eigedomsskatt. Det blir heller ikkje reduksjon innanfor assistenttenensta i skulane og barnehagane, sa Molvær Grimstad til NRK Møre og Romsdal måndag ettermiddag.

Ønskjer ikkje eigedomsskatt

Neste år kan folk i Sykkylven for første gong kome til å betale eigedomsskatt. Det spesielle er at fleire av innbyggarane faktisk BER om det. Dei håper skatten kan gi færre kutt i tenestetilbodet.

Høgre-ordførar Petter Lyshol ønskjer ikkje eigedomsskatt i Sykkylven. Han meiner politikarane bør seie nei til det, sjølv om 12 av innbyggjarane no har bedt om det frivillig.

- Vi held det vi lovar, det er min kommentar. Vi ser på kostnader og kutt og vi skal prøve å kome fram til ei ordning som gjer at vi slepp å gjennomføre eigedomsskatt, seier Lyshol.

Kommunestyret avgjer saka 15. desember.