Hopp til innhold

Sykkylvingar med opprop for eigedomsskatt

Ei gruppe sykkylvingar har skriv eit opprop i lokalavisa om eigedomsskatt. Dei ber rett og slett om å få lov til å betale den omstridde skatten

Opprop i Sykkylvsbladet for eigedomsskatt

Faksimile frå Sykkylvsbladet der lesarinnlegget stod på trykk fredag.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

I eit ope brev til politikarane i Sykkylven ber dei tolv innbyggjarane kommunen innføre den omstridde skatten. I brevet heiter det mellom anna:

«Vi vil med dette be om å få betale eigedomsskatt. Ikkje fordi vi ønskjer eller treng fleire utgifter, men fordi vi meiner vi ikkje har råd til å seie nei til eigedomsskatt».

Dei viser til den vanskelege økonomiske situasjonen i kommunen og presiserer også at dei ikkje vil halde det mot noko parti ved valet til neste år, dersom dei går inn for eigedomsskatt no.

– Omsynet til barn og eldre var viktig

– Vi syns vi måtte gjere noko, seier initiativtakar Gyri Aure.

Det er ei kjent sak at Sykkylven kommune er av dei som har slite økonomisk dei siste åra. Aure seier mange har frykta for kva for tilbod unge og eldre vil få i kommunen dersom dei ikkje får inn dei ekstra kronene eigedomsskatten vil gi.

Gyri Aure

Gyri Aure er ein av initiativtakarane bak oppropet.

Foto: Privat

– På grunn av kommunen sin dårlege økonomi at tilbodet over år har blitt tyna, og vi opplever at det ikkje er meir å kutte, seier Aure.

Ho viser til gamalt utstyr i barnehagane som eit døme.

– Sjå berre på plastalinaen dei brukar, den er heilt svart og hard. Det er rett og slett ikkje pengar til å kjøpe nytt.

Blant dei tolv er det både unge og eldre med ulik bakgrunn. Felles for dei alle er at dei fryktar nye kutt i tenestetilbodet.

– Det er jo ikkje noko kjekt å seie ja til ei ekstra utgift, og vi veit jo at blir denne skatten først innført, så blir den nok verande. Men alternativet er at det vil gå ut over tilbodet til barna og dei eldre, seier Aure.

– Men har de fått noko respons etter at dette stod på trykk?

No stod dette på trykk i går, så eg har ikkje fått så veldig mykje respons. Det er nokre som har ringt og syns det er bra, men eg veit også at mange er i mot, og det må vi respektere, seier Aure.

Måndag skal Sykkylven kommune ta stilling til spørsmålet om eigedomsskatt.