Hopp til innhold

Historisk kontrakt for Ulstein

Ulstein design & Solutions sin kontrakt på 800 millionar kroner med ein japansk kunde viser ein aukande trend for Ulstein Group. Stadig meir av handelen foregår med land i Austen.

slepebåt

ULSTEIN skal levere havgåande slepebåtar til Japan. Kontrakta er verdt 800 millionar kroner (illustrasjonsbilde).

Foto: ULSTEIN

Ulstein har inngått avtale om å levere design- og utstyrspakkar for fire havgåande slepebåtar til Niigata Shipbuilding & Repair i Japan. Skipa skal byggast for nederlandske ALP Maritime Services.

Dette er den største enkeltkontrakten nokon gong for Ulstein design & Solutions og det er første gong det vert inngått avtale med ein kunde frå Japan.

Tore Ulstein med ordrereserven

Tore Ulstein presenterer ein ordrereserve som viser at ein stadig større del gjeld skip i Austen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Visekonsernsjef Tore Ulstein seier til NRK at dette er ein bevisst langsiktig strategi. Ulstein Group har jobba mot den asiatiske marknaden i mange år og ein stadig større del av ordrereserven er på skip frå Austen.

I ordreboka til Ulsteindesign & Solutions er det 36 fartøy der 21 av dei no er frå Austen.

Ulstein seier potensialet er endå større og på ein pressekonferanse i Ulsteinvik måndag sa han til dei tilsette at han var fornøgd med kontrakten, men understreka at dei aldri må verte tilfredse.

- Vi må alltid kunne strekke oss ytterlegare for å hale i land nye avtalar var den klare beskjeden frå visekonsernsjefen.

Japan er spennande

Senttale personar då Ulstein Design & Solutions presenterte storkontrakten måndag.

På pressekonferansen i dag. Frå venstre Sigurd Viseth, representanten for det japanske verftet, Ove Dimmen og Tore Ulstein

Foto: Arne Flatin / NRK

– Japan er ein veldig spennande marknad ikkje minst med tanke på avanserte fartøy. Japan er faktisk eitt av dei landa i verda som har hatt den største skipsbyggingsindustrien, og i dag er det berre Sør Koera og Kina som er større.

Også Japan ser no meir på offshore-sida, og Tore Ulstein meiner det dermeed er naturleg at Japan ser mot den kompetansen som finst i den maritime klynga i Noreg.

Visekonsernsjefen i Ulstein Group om satsinga i Asia

Tore Ulstein og Ove Dimmen kunne feire med kake etter at rekordkontrakten vart presentert. Her fortel Tore Ulstein om avtalen som er inngått.

Kontrakten vart presentert for dei tilsette måndag føremiddag og ein fornøgd adm.dir i Ulstein Design & Solutions, Sigurd Viseth. I følgje Viseth har dei arbeidd med å få i land kontrakten i meir enn tre år.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL