Hopp til innhold

Hevdar sjukepleiar skjelte ut tidlegare pasient på bussen

Det skal ha blitt høglydt krangel då sjukepleiaren møtte igjen den tidlegare pasienten sin ein laurdagskveld. Mannen hevdar ho ropte skjellsord etter han framfor ein full buss.

Helse Møre og Romsdal

Fylkeslegen i Møre og Romsdal granskar no om sjukepleiaren braut lova då ho møtte den tidlegare pasienten sin på bussen. Sjukepleiaren seier ho ikkje kjenner seg igjen i klagen.

Foto: Illustrasjon / NRK

Ein tilsett i helsevesenet skal aldri røpe kven vedkomande har som pasient. No kan ein sjukepleiar i Møre og Romsdal få alvorleg refs etter at ho skal ha møtt ein av dei tidlegare pasientane sine på bussen. Framfor resten av passasjerane skal ho ha spurt korleis det gjekk.

Han hevdar ho var full og pågåande, og skal ha bedt henne skjerpe seg. I klagen kjem det fram at dette ikkje fall i god jord, og at sjukepleiaren skal ha banna og ropt ukvemsord etter han i det ho gjekk av bussen. Mannen hadde vore pasient på ei langtidsavdeling, og reagerte kraftig på å møte igjen behandlaren sin.

– Det blei opplevd som krenkande på oss alle, det var også ekstra ubehageleg at situasjonen hende på ein full buss, som gjorde det endå meir pinleg og nedverdigande, skriv mannen.

Ilag med fire vener, som også var med på turen, har han no sendt klage til fylkeslegen. Fleire av dei har også klaga til leiinga på avdelinga der mannen har vore pasient.

Utfordringar på små stader

Elisabeth Sveen Kjølsrud

Leiar i Rådet for sykepleieetikk seier det er svært viktig å unngå å røpe pasientforhold.

Foto: Norsk Sykepleierforbund

Elisabeth Sveen Kjølsrud som er leiar i Rådet for sykepleieetikk seier det er svært viktig å unngå å røpe pasientforhold, sjølv om ein skulle møtes i barnehagen, på foreldremøte eller i selskapslivet.

– Dersom ein er i dei same sosiale settingane kan det vere vanskeleg. Men ein skal ikkje gje til kjenne at ein kjenner pasientane frå tidlegare forhold. Det kan vere sårande og krenkande for ein pasient, seier ho.

Sjølv har ho arbeidd i psykiatrien, og seier ho stadig støtte bort i problemstillinga. Då gjorde ho fleire gongar avtale om at pasientane skulle ta initiativet dersom dei ønskte å helse på henne på gata.

Fysioterapeut miste autorisasjonen

Statens helsetilsyn og fylkeslegane granskar påstandar om at helsepersonell bryt teieplikta. I 2018 avslutta helsetilsynet 17 tilsynssaker slike saker. Ein fysioterapeut mista autorisasjonen, medan åtte helsepersonell fekk ei åtvaring.

– Brot på teieplikta er også brot på tilliten mellom pasienten og helsepersonellet eller helsetenestene. Vi ser difor alvorleg på slike brot, seier avdelingsdirektør Anne Myhr i Statens helsetilsyn.

Granskar saka

Fylkeslegen i Møre og Romsdal, Karin Müller Mikaelsen, slår fast at det å røpe klientforholdet er brot på teieplikta.

Fylkeslege i Møre og Romsdal, Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen slår fast at det å røpe eit klientforhold, er brot på teieplikta.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ho undersøkjer no klagen etter episoden på bussen.

– Vi skal belyse saka så godt som mogleg for å finne ut kva som har skjedd, og kva som blei sagt og ikkje sagt. I ein del saker blir det vanskeleg dersom det blir ord mot ord på slutten, seier Mikaelsen.

Den tidlegare behandlaren arbeider ikkje lenger i Helse Møre og Romsdal. Ho seier til NRK at ho ikkje kjenner seg igjen i framstillinga av kva som skjedde, men vil ikkje kommentere saka utover det.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL