Hopp til innhold

Hevdar han blei sparka frå Aafk

Den tidlegare økonomisjefen i Aalesund Fotball, Geir Terje Bjørlykke, hevdar han blei sparka frå Aafk i mars i fjor.

Advokat Geir Johannesen Kruge

Advokat Geir Johannesen Kruge representerer den tidlegare økonomisjefen i Aalesund Fotball, Geir Terje Bjørlykke.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Onsdag kveld møttes partane for å sjå om det var mogleg å få til eit forlik. NRK får seint onsdag kveld opplyst at det ikkje vart noko forlik i saka, og at retten held fram behandlinga si torsdag morgon klokka 09.00.

Aalesund Fotball avviser at dei usakleg har sagt opp den tidlegare økonomisjefen i klubben, Geir Terje Bjørlykke. Bjørlykke har gått til rettssak mot Aalesund Fotball og hevda i Sunnmøre tingrett i formiddag at han - utan varsel - blei oppsagt under eit møte i mars i fjor.

- Gjort til syndebukk

Advokaten til den tidlegare økonomisjefen gjekk måndag formiddag langt å hevde at Geir Terje Bjørlykke blei gjort til syndebukk i Aafk i fjor vår.

- Bjørlykke er av den klare oppfatning at han ble pressa ut av stillinga si, at han blei utsett for ein stor urett og utpeika som syndebukk på grunn av den økonomiske situasjonen til Aafk, sa advokat Geir Johannesen Kruge i sitt innleiingsforedrag.

Hevdar feil ved rekneskap

Klubbdirektør Henrik Hoff hevda i sitt innlegg at Bjørlykke aldri fekk sparken frå Aafk. Han seier Bjørlykke fekk tilbakemelding på arbeidet sitt, men ingen beskjed om å gå av.

- Den tidlegare økonomisjefen trekte sjølv den konklusjonen at det berre var to konklusjonar: at han sjølv gjekk, eller at vi gav han sparken, sa Hoff i retten måndag. Han sa vidare at dei ikkje konkluderte med noko, men skulle snakkast igjen dagen etter.

Dommarrefs

Dommar Kjetil Gjøen refsa tysdag begge advokatane for å bruke for mykje tid på utanforliggande saker. Etter å ha forsøkt å stoppe begge to fleire gongar under innleiingsforedraga, tok han igjen ordet.

- Eg kjem ikkje til å tillate noko generaloppgjer mellom partane i retten her. Denne saka burde kunne vore løyst på ein dag, sa dommar Kjetil Gjøen alvorleg.

Tidlegare tilsette på vitnebenken

Fleire tidlegare tilsette skal på vitnebenken i løpet av tysdag eller onsdag. Dette er mellom andre Einar Welle, tidlegare sportsleg leiar Arnfinn Ingjerd og tidlegare styremedlem Reidar Andresen. Ingen av advokatane vil kommentere saka måndag formiddag.

Avgjerande møte i mars

Henrik Hoff i Sunnmøre Tingrett

Aalesund Fotball er representert ved klubbdirektør Henrik Hoff (t.h.) og advokat Johannes Arve Aspehaug.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Kva som skjedde på møtet mellom Geir Terje Bjørlykke og klubbdirektør Henrik Hoff tysdag 23. mars 2010 er heilt sentralt i retten tysdag. Bjørlykke oppfattar det slik at han blei sagt opp umiddelbart, og fekk tre dagar på å pakke saman. Aalesund Fotball avviser på si side at dette skjedde.

Møte onsdag kveld

Partane sat onsdag kveld i møte for å prøve å kome fram til ei semje. Dette lukkast ikkje, og rettsaka held fram torsdag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL