Hopp til innhold

Mona blei forveksla på fødestova – kommunen trur ikkje det har skjedd fleire forbytingar

På 60-talet blei Mona med feil mor heim frå fødestova. Herøy kommune forstår dersom innbyggjarane no er bekymra.

Sanitetshuset på Eggesbønes, Herøy kommune

På Sanitetshuset på Eggesbønes i Herøy vart to nyfødde babyar forbyta og hamna hos feil familiar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Trond Arne Aglen, kommunedirektør i Herøy kommune på Sunnmøre.

Trond Arne Aglen er kommunedirektør i Herøy. Han seier kommunen vil gjere alt for å finne ut kva som skjedde.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Etter at NRK fortalde historia til Mona som blei forveksla på fødestova på Eggesbønes i Herøy, er kommunen førebudd på at folk kan bli engstelege for sine eigne fødslar.

– Det er ingenting i saka som tilseier at det finst fleire tilfelle. At enkelte innbyggjarar kan vere bekymra for det, er eg redd for kan skje, seier kommunedirektør Trond Arne Aglen.

Kvart år blei det fødd rundt 100 barn på fødestova som var lokalisert på sjukeheimen.

Mona ved Sognefjorden

Mona har følt seg annleis heile livet, sjølv om ho har hatt ein god barndom der ho vaks opp. Ho krev no erstatning for det som skjedde.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Nøstar i kva som har skjedd

Mona er ikkje så sikker som Herøy kommune på at det ikkje finst fleire tilfelle.

– Eg synest det er svært alvorleg det dei har gjort. Når dei har brukt så mykje tid og energi på å skjule ting og ikkje gjere jobben sin, så tenker eg at det kan vere stor sannsynlegheit for at eg ikkje er den einaste, seier Mona.

Herøy kommune arbeider no for å finne ut av kva som har skjedd.

– Vi er no ein prosess med å prøve å finne tilbake til dokumenta som kan kaste lys over det som skjedde den tida, seier Aglen.

Dei fleste som dreiv fødestova lever ikkje i dag, men dagens kommuneoverlege jobba i kommunen på 80-talet. Han vil ikkje uttale seg før han har fått gjennomgått alle dokumenta kommunen har bestilt.

Krev erstatning

Kommunedirektøren seier det er viktig at også innbyggjarane får faktaopplysningane, slik at ein unngår at dei unødig blir uroa. Kommunen er no i dialog med Mona.

Ho krev no erstatning på eit tosifra millionbeløp til Helsedirektoratet og Herøy kommune.

Mona ser ned på barndomsbygda Hermansverk

Mona går no til rettssak for å krevje erstatning frå Helsedirektoratet og Herøy kommune.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Kjende seg annleis

Ingen veit korleis det gjekk til då Mona blei med feil familie heim etter fødselen. Ho enda i Sogn og kjende at ho var annleis enn resten av familien.

Først då ho som godt vaksen tok ein DNA-test gjennom nettstaden My Heritage, forstod ho at kjensla hennar stemte. Testen viste at ho hadde slektningar ho ikkje ante fanst.

Ombyttinga har blitt stadfesta gjennom ein dom frå tingretten. Der blei det slått fast kven som er Mona sine biologiske foreldre.

Visste om forbytinga

Den andre mora fann ut av forbytinga allereie på 80-talet, då blodprøver viste at dottera ikkje kunne vere hennar.

Kvinna kontakta styresmaktene og hyra inn advokat. Etter at Helsedirektoratet undersøkte fem aktuelle barn, blei mora råda til å legge bort saka.

Mona er kritisk til styresmaktene si handtering. Ho meiner at alle dei aktuelle barna burde ha blitt kontakta for å DNA-test. Då hadde ho fått vite om fadesen som 18-åring.

Sanitetshuset på Eggesbønes. Huset vert i dag brukt mellom anna som kontorbygg.

Ved Sanitetshuset på Eggesbønes var det fødestove. Årleg vart det fødd rundt 100 barn, ifylgje Herøy kommune.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK