Hopp til innhold

Meiner Noreg må gjere som Spania i forbyttingssak: – Mona blir uverdig behandla

Kommunen nektar å betale erstatning til Mona, som vart forbytt som baby i 1965. Advokaten hennar drar parallellar til ei spansk sak der ei kvinne fekk 10 millionar kroner i erstatning.

Mona ved den gamle ungdomsskulen sin i Hermansverk

VART FORBYTT: Mona vart forbytt som baby. Ho har stemna staten og kommunen for det skjedde, og krev erstatning.

Foto: Oddgeir Øystese

– Staten vil korkje erkjenne feil eller utbetale erstatning. Eg synest ikkje Mona vert behandla på ein verdig måte. Vi får ikkje ein gong oppretta dialog med dei.

Det seier advokat Kristine Aarre Hånes i Rett Advokat i Bergen. Ho representerer Mona, som vart forbytt som nyfødd på Eggesbønes på Sunnmøre i 1965.

NRK har tidlegare fortald hennar historie.

Mona og hennar advokat har heile tida meint at ho har krav på ei erstatning på fleire millionar kroner.

Dei har stemna både Helsedepartementet og Herøy kommune for retten sidan dialog ikkje har ført fram.

Advokat Kristine Aarre Hånes representerer Mona.

Advokat Kristine Aarre Hånes i RettAdvokat i Bergen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Avviser skuld

Eggesbønes ligg i det som i dag er Herøy kommune.

– Vi har heile tida sagt at dette er ei hending som kommunen ikkje har skuld i, seier kommunaldirektør Trond Aglen.

– Difor er vi ikkje redde for søksmål eller erstatningskrav.

Ombyttinga på Eggesbønes vart oppdaga på 80-talet. Men saka vart då lagt vekk utan grundige undersøkingar. Dette er ein viktig del av erstatningskravet.

Sjølv om ein av dei som var involvert i denne avgjerda lenge har hatt ein leiande stilling i Herøy kommune, argumenterer Aglen for at det ikkje gjer dei til ein part i saka.

Fødestova var ikkje driven av kommunen.

Han seier dei har stor sympati for saka til Mona, men avviser at dei behandlar henne uverdig.

– Det får stå for advokaten si rekning. Eg kan ikkje sjå at det er rimeleg.

Kommunaldirektøren seier kommunen ser fram til å legge fram sitt syn under rettssaka.

– Sjå til Spania

I Spania har styresmaktene ei heilt annan haldning til denne typen saker, meiner advokat Hånes. Ho samarbeider med ein advokat i regionen Rioja som har fått store erstatningar til sin klient.

Her har ei kvinne som vart forbytt i 2002 allereie fått nær 10 millionar norske kroner i erstatning.

Sanitetshuset på Eggesbønes. Huset vert i dag brukt mellom anna som kontorbygg.

Ombyttinga skjedde her på Eggesbønes i 1965.

Foto: Oddgeir Øystese

– I Spania erkjenner dei ansvar. Dei er ein heilt anna verdigheit i møte med dei fornærma. Vi møter styresmakter som ikkje vil erkjenne noko.

– Men samstundes er det skilnader mellom sakene. Mellom anna var tidsavstanden i Mona sitt høve større. Er det direkte samanliknbart?

– Det er jo meir alvorleg at dette har fått ligge så lenge. Så når dei har fått tilbod om 10 millionar kroner i Spania tenker eg det må vere minimum for oss.

Rettssaka utsett

Saka til Mona skulle eigentleg ha vore unnagjort no. Men advokat Kristine Aarre Hånes fekk den utsett til våren.

Årsaka er at Høgsterett skal avgjere to saker ho meiner er relevante for Mona.

Den eine går på retten til familieliv. Den andre på retten til privatliv. Begge går på brot på den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 8.

– Det er same paragraf som er relevant for oss. Vi trur Høgsterett vil stadfeste at brot på denne gjev rett på erstatning.

Etter at NRK skreiv om Mona sin historie har fleire som er råka etter forbytinga på Eggesbønes kome fram.

Dei har og blitt ein del av søksmålet som skal ta stilling til kven som hadde skuld og ansvar for eit liv i feil familie.

Oslo tingrett

Saka kjem opp i Oslo tingrett, truleg seint på våren.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK