Mona ved Sognefjorden

Mona ved fjorden ho aldri har likt.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Eg er ikkje Mona

No har ho beviset. Mona vart med feil mor heim frå fødestova. Ho er ikkje den alle trudde ho var. Kven er ho då?

Den bratte bakken går rett ned i fjorden. Hausten fargar liene over den vesle tettstaden på Vestlandet.

Mona ser ut over eit landskap ho kjenner godt, og som ho mange gonger har sett forandre seg med årstidene.

Bygda ved Sognefjorden er barndomsbygda til Mona. Ho budde her dei første 20 åra av livet. Likevel føler ho seg ikkje heime her.

Det er noko med fjella og fjorden. Det vert så innestengd. Det er ved havet eg finn ro.

Det er feil at Mona vaks opp her. Eigentleg skulle ho ha vore barn ved kysten.

Kva var det eigentleg som skjedde då livet hennar tok ei så brå vending allereie heilt i starten?

Kvifor vart sanninga om den ekte familien skjult for henne?

Og kven har eigentleg skulda?

Bytet

Sanitetshuset på Eggesbønes. Huset vert i dag brukt mellom anna som kontorbygg.

Ingen veit sikkert kva som skjedde på sanitetshuset på Eggesbønes på Sunnmøre ein vinterdag på 60-talet.

Deler av sanitetshuset er bevart som på 60-talet

Bak døra inst til høgre er fødestova der Mona kom til verda.

Det er fleire fødslar her desse dagane.

Fosnavåg med høy himmel og sol i bakgrunnen

To små jenter må ha blitt forveksla på sjukeheimen eit kort stykke frå Fosnavåg.

Korleis kunne det skje?

Likna dei nyfødde på kvarandre? Kjende mødrene på ei uro då dei fekk feil jente til seg?

Ein tvil som vert døyvd av alle dei andre kjenslene som kjem med å bli mor?

Kanskje merka også dei små at noko var gale, utan å vere i stand til å seie frå?

Ei lita jente vert med Mona sine foreldre. Mona vert med feil familie. Kort tid etter reiser dei frå Sunnmøre til Sogn, frå havet til fjorden.

Ho har ikkje ein dårleg barndom. Mona er eit av barna i ein familie som veks.

Men det er store skilnader innanfor søskenflokken.

Den eine barnet liknar ikkje på dei andre; ho har mørkt hår og krøller. Interessene er òg annleis. Mona har ingen glede av å gå på ski eller på tur i fjella over barndomsheimen.

Ho har kreative evner. Men ingen i familien liker det same som Mona.

Ho føler seg annleis.

Fleire gongar spør ho han som ser på henne som dottera si om han verkeleg er faren hennar.

Som vaksen forstår ho kvifor han likte det dårleg.

Som vaksen veit ho at sanninga er så sjokkerande at ho som barn ikkje kunne ha sett det for seg.

Babybilde av Mona

Dette er det første biletet Mona har av seg sjølv

Foto: Privat

Avsløringa

Åra går. Mona vert eldre. Skilnadane veks.

Ho får jobb på hotellet i bygda. Flyttar så til Bergen for å studere. Får sin eigen familie.

Etter kvart finn ho stadig ut meir om kva hennar eigentlege interesser er. Kva som er hennar identitet.

Ho bur ved havet no, som vaksen. Likevel er uroa ho kjende som barn med henne. Ei kjensle av å ikkje høyre til.

Men uroa er der heile tida.

Ein kveld ser ho eit program på fjernsynet. Det handlar om ein mann som via ei nettside finn ut at han har fleire barn.

Mona bestemmer seg for å prøve å stilne uroa. Ho tek ein DNA-test. Ho registrerer seg på nettstaden My Heritage.

Og ho finn familiemedlemmer ho ikkje visste om.

– Det var eit fullstendig sjokk for meg. Eg hadde jo ikkje sett for meg at eg ikkje hadde rett mor.

Kjensla av å ikkje vere som dei andre i familien var meir enn berre ei uro.

Det var som ei brikke som fall på plass.

Mona som lita jente

Mona som lita jente

Foto: Privat

Leitinga

Mona må finne ut så mykje som mogeleg. Ho saumfer arkiv. Prøver å finne all informasjon.

Ho byrjar å ane kva som har skjedd.

Det er ikkje så mange som kjem til verda på Eggesbønes sjukeheim desse vintervekene. Der ho vart skild frå kvinna som bar henne i ni månader.

Kven var det som tok Mona sin plass? Kvar var det Mona skulle ha vore?

Spora leier Mona til ein ny fødselsdag, til ein ny familie.

Til nye svar på kven ho er.

Mona skulle ha vore eit barn ved havet.

Det gjekk over femti år før Mona fekk vite det. Men det er nokon som har visst.

Kysten ved Runde

Det var ved kysten Mona eigentleg skulle hatt barndomen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Valet

Kva gjer du om du finn ut at tenåringsdottera di eigentleg ikkje er ditt barn?

Det er strenge krav før lange utanlandsreiser tidleg på 80-talet.

Testar vert gjorde, blodprøver innhenta. Ei kvinne finn ut at noko ikkje stemmer.

Ei dotter er ikkje hennar. Ho har eit anna barn ein stad.

Vi veit ikkje kva mora ved havet tenkte då ho forstod at ein livsforandrande feil hadde skjedd. Men vi veit ho tok det på alvor.

Helsestyresmaktene vert kontakta. Ho krev svar. Ein advokat vert hyra inn. Ho må vite kven som er hennar biologiske barn. Og korleis barnet har det.

Etter omfattande undersøkingar kjem svar frå Helsedirektoratet. Dei har avgrensa dei aktuelle til fem tenåringsjenter.

Dei skriv vidare at «ingenting indikerer at de personer det gjelder ikke lever under tilfredsstillende sosiale og materielle forhold».

Ei mor vert pressa i det som i sakspapira vert skildra som eit vondt og vanskeleg val.

Det står at ho vert råda til å legge saka frå seg.

Konklusjonen vert at mor må forsone seg med å ikkje kjenne sitt biologiske barn. Og som det står; «la livet gå videre».

Dei fem jentene får ikkje vite om utgreiinga.

Mona får ikkje vite at nokon har leita etter henne.

Mona ved den gamle ungdomsskulen sin i Hermansverk

Mona ved den ungdomsskulen ho gjekk på.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Sinnet

Det er umogeleg å sette seg inn i dilemmaet. På eine sida ønsket om å bli kjend med sitt eige barn. På den andre kva det vil gjere med alle dei andre involverte.

Det er mogeleg å forstå vegringa mot å røske opp i to familiar.

Men Mona har vanskar med å forsone seg med konklusjonen ho opplever at hennar biologiske mor vart pressa til for snart førti år sidan.

– For meg er det veldig løye. Om det hadde vore meg i den situasjonen trur eg ikkje eg kunne slått meg til ro med det.

– Men eg forstår at det er vanskeleg. At ho hadde fleire ho måtte ta omsyn til.

Det Mona ikkje kan forstå er at det offentlege lét ho tru at ho hadde andre foreldre enn ho eigentleg hadde.

Ei kjensle kan samanfatte kva ho kjenner no.

Ho er sint.

– Eg har tapt så mykje. Mogelegheita til å bli kjend med foreldra mine. Besteforeldra mine.

Sinnet driv ho framover i jakt etter svar. Og i kamp for at nokon skal stå til ansvar.

Kampen

På eit kontor ved Fisketorget i Bergen sit advokat Kristine Aarre Hånes og jobbar med ein heilt unik sak. Ikkje berre unik for henne. Det er få liknande saker i Europa.

I Frankrike fekk to ti år gamle jenter erstatning då det i 2015 vart oppdaga at dei hadde blitt forbytte på fødestova.

I Steinkjer oppdaga ein 58-åring at han hadde feil foreldre. Her hadde familiane ikkje kunne gje frå seg to år gamle born.

Hånes har i ein fersk dom frå Tingretten fått slått fast kven som verkeleg er Mona sine foreldre.

Advokat Kristine Aarre Hånes, Rett Advokat.

Advokat Kristin Aarre Hånes i RettAdvokat.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Gamle dokument er gravne fram. DNA-prøver henta inn.

« ... analysen alene gir en relativ sjanse på 99,9999 % for at XX er mor til Mona».

Dommen gir klare svar. Og eit grunnlag for å leite etter enno fleire.

Korleis kunne det skje at ho vart forbytt? Advokat Hånes har prøvd å finne det ut. Men dei fleste som var tilsette på Eggesbønes i den aktuelle tidsperioden, lever ikkje lenger.

Men vi vil i alle fall finne ut kvifor ein skjulte det for Mona på 80-talet. Då den biologiske mora tok kontakt med kommunen.

Ein ny rettsprosess er i gang. Hånes har sendt erstatningskrav på eit tosifra millionbeløp til Helsedirektoratet og Herøy kommune.

– Feilen med forvekslinga på fødestova, og seinare å skjule dette for Mona er eit grovt brot på artikkel åtte i Den Europeiske Menneskerettskonvensjonen. Den slår fast at alle har rett til respekt for sitt familieliv og privatliv. Dette er Mona frårøva.

Advokaten er oppgitt over øykommunen på Sunnmøre. Dokument er rota vekk eller umogelege å finne. Personar som var involverte i saka på 80-talet hugsar ingenting i dag.

No vil Mona og advokaten at kommunen står til ansvar for gamle feil. For eit liv på feil stad.

Kommunen

Skyene heng lågt over rådhuset i Fosnavåg denne dagen seint på hausten.

Ordførar Bjørn-Halvor Prytz og kommunedirektør Trond Arne Aglen sit ved hovudinngangen og ventar på spørsmåla om kva kommunen eigentleg veit om denne saka.

Det er ikkje så mykje.

– Vi gjer alt vi kan for å finne all informasjon om kva som skjedde med Mona. Men det er lenge sidan. Og det tek tid å hente ut informasjon frå ulike arkiv.

Det er Aglen som er utpeikt til å føre ordet for kommunen.

Men eigentleg hadde vi håpa å få snakke med ein annan leiar i Herøy.

Då varselet om forbytinga kom på 80-talet var den dåverande distriktslegen sentral i vurderingane. Han styrte dialogen med Helsedirektoratet.

Dette veit vi ut frå korrespondansen som er referert i tingrettsdommen.

I dag er han fungerande kommuneoverlege i Herøy.

– Han seier han har vage minner om ei slik sak. Det kan vere denne. Men det er lenge sidan og for han.

Aglen seier kommuneoverlegen ikkje vil snakke med oss før han har fått gjennomgått alle dokumenta kommunen har bestilt.

Kanskje hugsar han fleire detaljar då.

– Det er for å ta omsyn til alle dei som kan vere involverte i saka.

Om kommunen har noko erstatningsansvar vil dei ikkje ta stilling til no.

Men Aglen seier dei er opptekne av å gje Mona alle dei svar dei kan finne. Alle svar ho fortener.

– Dette er ei opprørande sak. Vi skal snu alle steinar for å finne ut det vi kan.

Trond Arne Aglen, kommunedirektør i Herøy kommune på Sunnmøre.

Trond Arne Aglen lover at Herøy kommune vil gjere alt dei kan for å finne svar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Namnet

Mona viser veg ned bakkane i barndomsbygda. Forbi ungdomshuset der ho lærte gamaldans. Forbi leikeplassen der ho spelte fotball.

Forbi barndomsheimen med frukttre og haustgule bøar.

Barndomsbygda som Mona ikkje kjenner seg heime i.

– Eg tenker kanskje det er siste gongen eg er her.

Mona er klar for å legge det gamle bak seg. Til og med namnet hennar er framandt for henne no.

Eg har eit namn som ikkje var tiltenkt meg. Difor har eg bestemt meg for å byte namn. Då får eg avstand til det som var. Då byrjar eg heilt på nytt.

Begge fedrane i denne historia er døde i dag. Mødrene har ikkje Mona kontakt med.

Mona har hatt kontakt med den eine biologiske systera si. Men vart broten då Mona gjekk til retten for å få teke DNA-prøver.

– Eg har fått nokre bilete. Familiebilete frå familien eg ikkje var ein del av. Dei likar eg å sjå på. På likskapen mellom meg og dei. Korleis eg liknar på mor mi.

Mona bruker mykje tid på å tenke på korleis livet kunne ha vore.

Eg trur ting hadde vore annleis om eg hadde fått vekse opp med den biologiske familien min. Det er ikkje sikkert det hadde vore betre, men det hadde vore annleis. Kanskje hadde nokon delt mine interesser? Kanskje hadde eg tidlegare forstått kven eg er.

Mona ser ned på barndomsbygda Hermansverk

Mona trur ikkje ho nokon gong kjem tilbake til barndomsbygda si.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Spørsmålet

Historia om Mona er ei vanskeleg historie.

Den handlar om det inste i oss menneske.

Om familie og opphav, om lengsel og sakn.

Den stiller spørsmål om arv og miljø. Om kva som skaper ein identitet.

Den viser eit dilemma som ikkje har klare svar. Eit val mellom born. Mellom å teie og å fortelje. Mellom sanning og løgn.

Historia om Mona har ingen vinnarar.

Den har berre såre kjensler. Identitetskriser. Sinne.

Men Mona fekk aldri noko val. Ho fekk aldri ta stilling til dei dilemma der ho var ein av hovudpersonane.

Skulle ho ønskt at ho ikkje fekk vite? At alle spørsmåla om korleis livet kunne ha vore heller hadde blitt ei kjensle av å berre vere annleis?

– Nei, eg har ei heilt anna ro i dag. Eg har alltid vore på leit etter eit eller anna. No har eg forstått etter kva.

Så held Mona fram leitinga etter nye svar. Svar på kven ho er og kvar ho kjem frå.

Ein ting er ho sikker på.

Ho er ikkje Mona.

I denne bygda vaks Mona opp

I denne bygda vaks Mona opp.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Hei!

Takk for at du las denne saka. Har du tips eller innspel til meg, så ta gjerne kontakt!