Hopp til innhold

Her heng staven til Brå

Eit stykke sportshistorie heng på ein stuevegg i Fræna. For dei som eig han, betyr han langt meir enn skiglede.

Video Brå sin stav

– Eg husker det godt. Folk spør «kvar var du då Brå brakk staven?»

Magne Bergset er ein av dei få som kan svare at han var der det skjedde, i Holmenkollen i 1982.

Ei pause frå kvardagen

Året før hadde sonen Arne blitt konfirmert. Så vart han alvorleg sjuk, og legane visste ikkje om han ville overleve. Medan folket feira ski-VM i Holmenkollen, låg Arne på Radiumhospitalet i Oslo og vart operert for kreft.

Mor og far Annlaug og Magne Bergset var der med han, men fekk permisjon for å sjå stafetten i Holmenkollen.

Ekteparet stod tett inntil løypa, få meter unna Oddvar Brå, då han kom siglande forbi med ein broten stav. Staven vart liggande att etter han.

Rett inn og rett ut

– Eg såg staven blei liggande i sporet, så eg hoppa over gjerdet og sprang inn og tok den. Og så ut igjen, fortel Magne.

Kona Annlaug kan syne fram bilete frå avisa dagen etter. Bak ein uskarp skilegende i full fart, står ei dame med stort hår og smiler breidt.

– Staven gav vi til sonen vår som gåve, og den var ei glede for han. Det kom jo fullt av folk som skulle sjå den.

På stueveggen

I dag heng staven til pynt i stua deira i Elnesvågen i Fræna.

– Den betyr uendelig mykje, fordi vi ser på den som eit symbol på at guten vår vart heilt frisk. Det er eit spesielt minne som er godt for oss, seier Annlaug.

No skal familien til Oslo igjen.

– Vi er invitert saman med han Oddvar Brå da. Så er det meininga at staven skal inn i eit glasmonter under VM, men dei får den ikkje altså, ler Magne.