Hopp til innhold

Her er økonomen sine råd for julehandelen

Pynten, gåvene, maten og kleda – alt skal vere perfekt når vi set oss til bords julekvelden. Ei undersøking MMI har gjort for DnB viser at vi planlegg å bruke heile 46,3 milliardar kroner på julehandel i år. Truleg kjem vi til å bruke enda meir.

Julegaver

Mange vil ikkje spare når det skal handlast gåver til jul.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Silje Sandmæl

Silje Sandmæl er forbrukarøkonom hos DnB.

Foto: DNB

Kvar einaste nordmann over 18 år planlegg å bruke 11.600 kroner på det som skal handlast fram mot 24. desember. Det er 7 prosent meir enn i fjor. I Trøndelag og Møre og Romsdal ligg tala enda litt høgare – her planlegg vi å bruke 12.390 kroner kvar fram til jul.

– Sjølv om forbruket ikkje er spesielt høg i Norge no, ser vi at vi ikkje sparer når det gjeld julehandelen, seier Silje Sandmæl. – Då tenkjer vi på at vi skal ha det hyggeleg og handle mange fine gåver, ikkje spare.

Opphenging av julepynt på fasade

I Ålesund var julepynten i gatene på veg opp onsdag formiddag.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

Når tala aukar, skuldast det i stor grad at folk har betre råd enn før. Renta er framleis låg, samstundes som vi har fått meir lønn enn i fjor. Økonomen seier folk flest difor har råd til å bruke pengar denne eine gongen i året.

– Stort sett har folk råd til det, men nokre har ikkje det og greier ikkje å henge med. Så her er det viktig å bruke etter evne og ikkje felle for freistinga å bruke meir enn du har, seier Sandmæl.

Kjenner seg igjen

I undersøkinga seier 40 prosent av dei spurte at dei også bruker meir enn planlagt. At pengane sit laust i desember er noko folk på gata i Ålesund kjenner seg igjen i.

Margit Klausen og Malfrid Siem

Margit Klausen og Malfrid Siem kjenner seg godt igjen i at vi brukar meir enn vi hadde tenkt til jul.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

– Ja, vi brukar vel oftast meir enn vi hadde tenkt, seier Malfrid Siem og Margit Klausen.

Dei to damene er på handletur i Ålesund sentrum, men julegåvene har dei enno ikkje byrja på.

– Ungdommen tener ganske mykje no, så vi vil jo gi dei noko skikkeleg. Eg gir pengar, så kan dei kjøpe det dei vil, seier Siem.

– Det er jo mykje, men det er ikkje godt å seie kva vi skulle spart på. Men vi kunne jo kanskje klart oss med mindre.

– Ja, vi har jo både oldebarn og barnebarn som vi gjerne vil kjøpe til, så det blir jo mykje, seier Klausen.

– Syns vi kunne brukt mindre

Vi brukar nok ein del, dersom du reknar inn mat og alt, ja, seier Oddfrid Ulvestad. Ho og dottera Tonje har også tatt turen til Ålesund sentrum.

– Eg syns godt vi kunne brukt mindre, seier Tonje. Eg tenkjer at eg ikkje skal kjøpe ting berre for å kjøpe. Då er det betre at vi gjer noko kjekt i lag. Eg prøver å foreslå det for vennene mine, at vi heller kan gjere ting enn å kjøpe dyre gåver.

Begge syns det høyrest mykje ut når dei høyrer at nordmenn brukar meir enn 46 milliardar på handelen i desember.

– Men eg gjort det til ein vane å ha eit budsjett, eller i alle fall ein oversikt over kva eg skal kjøpe, og så held eg meg stort sett til det, seier Oddfrid.

Og nettopp budsjett er ein av tinga økonomen trekkjer fram som eitt godt råd. Berre fem prosent av oss tar oss nemleg tid til å setje opp eit budsjett før desember kjem.

Økonomen sine råd for julehandelen:

  • Start tidleg
  • Lag ei liste over kven du skal kjøpe til og kva du skal kjøpe
  • Avtal maksgrense for kva gåvene skal koste
  • Lag eit budsjett og hald det