Hopp til innhold

Tenåringar med dårleg tid vil ha storlaks på kroken

I natt starta laksefisket, men medan veteranane har god tid og heile natta for seg, er det annleis å vere 15 år og måtte legge seg tidleg fordi det er tentamen.

Video Den nye laksefiskarane

Den nye laksefiskarane

Bjarne Schei

Bjarne Schei vart biten av fiskebasillen då han var 3–4 år gamal.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Bjarne Schei (15) og Roar Aune (14) er dei yngste laksefiskarane i elva Surna på Nordmøre. I natt gjekk startskotet for laksefisket i mange elvar i heile landet, og dei to tenåringane konkurrerer med kaffidrikkande veteranar om å vere den som fangar den første laksen.

Tentamen

Roar Aune

Roar Aune satsar på storlaksen

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Først og størst. Vi tar ikkje mindre enn 20 kilo, spøkjer Roar og kastar snøret ut i den kalde elva. Det går ikkje mange minutt før han er så kald på fingrane at han får naglesprett og må varme seg over bålet.

Langs heile elva kryr det av eldre, meir rutinerte fiskarar med same mål som Roar og Bjarne. Men ein ting skil gamlekarane frå tenåringsgutane. Dei vaksne har eit hav av tid, medan Bjarne må vere i seng klokka 01. Han skal nemleg opp i norsktentamen og må vere opplagt.

Treåring prøvde fiskelukka

– Min draum er å få en storlaks. Den største eg har fått var 10 kilo, og det var gøy, fortel Bjarne. Han er biten av fiskebasillen og dreg ut for å fiske så fort han får tid. Bjarne var berre 3–4 år då han prøvde fiskelukka for første gong, på fjorden.

Flaks

Kva skal til for å få storlaksen?

– Det er vel ein kombinasjon av flaks og kunnskap, seier Bjarne. Det gjeld å vite kvar laksen står og bruke riktig krok.

Forgubbing i elva

Øyvind Holte

Øyvind Holte meiner det er bra at også ungdommen interesserer seg for fisking.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Øyvind Holte høyrer til veteranfiskerane og han synest det er veldig bra at ungdommen har fatta interesse for laksefiske.

– Det er forgubbing i elva, så det er heilt topp at dei unge kjem. Dei gamle fiskarane inkluderer tenåringane og rettleiar dei, seier Holte.

Data og fotball

Bjarne og Roar veit at dei har litt spesielle interesser i forhold til andre unge.

– Dei seier at vi kunne ha vore med meir på fotball, seier Roar. Han og Bjarne forstår ikkje at klassekameratane heller vil site framfor datamaskina enn å kome seg ut. I natt skal dei to ut med vadestøvlar og fiskestenger att.

– Mamma seier at eg kan fiske heile natta sidan det er helg, fortel Bjarne med eit håp om storlaks i stemma.

LES OGSÅ:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL