Deler opp byggekontrakt for nytt sjukehus – ekspertar meiner det kan bli dyrare

Bygginga av det nye sjukehuset i Molde blir splitta opp i fleire kontraktar for å få ned prisen. Fleire meiner derimot at kostnadane kan auke.

Anleggsmaskiner som står stille på sjukehustomta på Hjelset i Molde der bygginga for lengst skulle startet

Det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal byggast på Hjelset. Bygginga er forseinka fordi ein lyser ut kontraktane på nytt.

Foto: Ann Eli Nøsen

Sykehusdirektør Øyvind Bakke i Helse Mør og Romsdal.

Sjukehusdirektør Øyvind Bakke meiner det er riktig å dele prosjektet inn i mindre kontraktar.

Foto: Roar Strøm / NRK

Like før byggearbeidet på det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skulle starte, avlyste oppdragsgivaren kontrakten med Skanska. Etter mange år med strid rundt kvar sjukehuset skulle byggast, har Helse Møre og Romsdal no kome fram til at prisen blei altfor høg. No blir sjukehusbygginga delt inn i mindre kontraktar i håp om det det skal bli billegare.

–Vi har ingen garanti, seier administrerande direktør i helseføretaket, Øyvind Bakke. Han meiner det likevel er riktig å prøve å bygge sjukehuset til ein lågare sum.

Fare for kostnadssprekk

Sjefredaktør Arve Brekkhus i fagbladet Byggeindustrien tvilar på at prisen blir lågare på denne måten. Han har følgt entreprenør- og byggebransjen tett i mange år.

– Nokre av kontraktane kan bli billegare, men det krev mykje ressursar frå byggherren. Det blir store kostnader for å organisere og det går opp i opp. Faren for å få kostnadssprekk er større også, hevdar Brekkhus.

Ari Soilammi

Utviklingssjef Ari Soilammi i Rådgivende Ingeniørers Forening meiner det er uheldig å skifte modell no.

Foto: Nicolas Tourrenc

Rådgivande Ingeniørers Forening (RIF) meiner at det er uheldig å byte modell når prosjektet har kome så langt.

– Når ein har valt ein måte å gjennomføre prosjektet på bør ein halde seg til den. Det å endre modellen vil i seg sjølv kunne auke kostnadene, seier utviklingssjef, Ari Soilammi.

Han seier det ikkje finst fasitsvar på kva modellar som er best. Det finst døme på at det fungerer bra å dele opp prosjekt i mange delar, men då bør det gjerast frå starten av. Og byggherren må styre prosjekteringa frå start til slutt, meiner han.

Lokal arbeidskraft

Tor Jakob Dysjaland, daglig leder i Sig Halvorsen AS og Kari Gro Johanson, prosjektdirektør SUS 2023

Det nye sjukehuset i Stavanger har delt opp prosjektet i nærare 100 entreprisar. Kari Gro Johanson er prosjektdirektør.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Det nye universitetssjukehuset i Stavanger skal stå ferdig i 2024. Dei har delt inn i bygginga i nærare 100 entreprisar. Prosjektdirektør Kari Gro Johanson seier at denne måten å bygge sjukehuset på var bestemt i ein tidleg fase fordi helseføretaket ville legge til rette for at regionale leverandørar kunne delta. Ho vedgår at det krevst mykje av byggherren.

– Det krev ein veldig oppegåande prosjektorganisasjon og det trengst mykje folk for å fylgje opp entreprenørane, seier Johanson. Mellom 60 og 70 personar er inne i prosjektorganisasjonen.

Johanson kjenner ikkje prosjektet for Nordmøre og Romsdal i detalj og vil difor ikkje meine noko om det er riktig å satse på mindre entreprisar eller ikkje.

Kan bli billegare

Malin Arve er førsteamanuensis ved NHH

Malin Arve er forskar ved Noregs handelshøgskole. Ho trur det kan lønne seg å dele opp prosjektet, men det kan også bli dyrare.

Foto: Pressefoto

Forskar Malin Arve ved Noregs handelshøgskole meiner det kan lønne seg dele opp prosjektet.

– Du kan få meir konkurranse på dei ulike delane. Du får fleire elektrikarar som konkurrerer om ein bit og arkitektar om ein bit. Det er få som kan levere ein heil pakke til ein god pris, seier Arve.

Kan det bli billegare?

– Det kan gå i begge retningar. Det kan bli dyrare eller det kan bli billegare, seier Arve.

Lyser ut for tredje gang

Når kontraktane for sjukehuset på Hjelset går ut på anbod i februar, er dette for tredje gong.

I 2018 blei konkurransen avlyst fordi tilboda som kom inn var for høge. Skanska vann konkurranse nummer to. No blir det lyst ut seks anbod.

– Eg håper vi kan legge til rette for eit godt konkurransegrunnlag for entreprenørane slik at vi får dei på banen på ein god måte, seier leiar i prosjektstyret, Heidi Nilsen.

Her kan du sjå det komande sjukehuset på Hjelset

Slik er det tenkt at det nye sjukehuset på Hjelset skal bli.