Hopp til innhold

Omstridt sjukehus utsett igjen – vil avlyse milliardkontrakt

Det er brukt 600 millionar kroner på å planlegge nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal. No avlyser oppdragsgivaren bygginga for andre gong. – Useriøst, svarar Skanska.

Anleggsmaskinene står stille på sjukehustomta på Hjelset i Molde

Bygginga av akuttsjukehuset på Hjelset, utanfor Molde, skulle etter planen ha starta ved årsskiftet.

Foto: Ann Eli Nøsen

To veker før spaden skulle settast i jorda på det nye sjukehuset, blei prosjektet stoppa fordi det blei for dyrt. Entreprenøren skulle få sjanse til å rekne ut ein ny pris.

No rår sjukehusdirektøren til at kontrakten med Skanska blir avbestilt fordi prisen ligg over det venta.

– Dessverre har helseføretaket og Skanska ulikt syn på kva det vil koste å realisere akuttsjukehuset på Hjelset. Vi ser oss derfor nøydd til å avbestille kontrakten med Skanska, seier sjukehusdirektør Øyvind Bakke i ei pressemelding.

Øyvind Bakke

Sjukehusdirektør Øyvind Bakke meiner helseføretaket må avlyse kontrakten med Skanska, fordi det er så stor usemje om prisen.

Foto: Terje Reite / NRK

Ikkje opplevd makan

Det er Skanska som vann konkurransen om å bygge sjukehuset, men deira prisoverslag ligg over det helseføretaket vil betale.

Konsernsjef i Skanska, Ståle Rød seier at dei stod klare til å starte arbeidet i februar.

– Eg har i mine 25 år i bransjen ikkje opplevd makan til prosess, seier Rød.

Ståle Rød

Konsernsjef i Skanska, Ståle Rød, seier at han aldri har opplevd liknande etter 25 år i bransjen.

Foto: Herman Dreyer

Til kritikken frå Skanska, svarer sjukehusdirektør Bakke følgjande:

– Det får stå på deira rekning. Eg meiner vi har hatt konstruktive samtalar heile vegen. Det at vi no ikkje har kome til semje i pris er beklageleg, men det er ein realitet vi må forhalde til og da veljer vi å gå vidare med ein anna gjennomføringsstrategi.

– Useriøst

Han meiner at før jul var avstanden mellom Skanska og Helse Møre og Romdal på 65–100 millionar kroner. Etter jul skal Skanska ha fått beskjed om at avstanden var på 500 millionar kroner frå forhandlingsdelegasjonen.

– Det er fullstendig uforståeleg og heilt useriøst at ein offentleg byggherre kan drive forhandlingar på ein slik måte. Eg sit igjen med ei oppleving av at det heile har vore eit spel for galleriet sidan tidleg i desember, seier Rød.

Han meiner det har vore kjent i to år at den økonomiske ramma var for låg. Han hevdar også at Skanska har foreslått mange kutt og endringar for å få ned prisen, men at det har blitt avvist.

Det nye felles sjukehuset for Nordmøre og Romsdal som skal bygges på Hjelset i Molde

Det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skulle etter planen vere i drift i mai 2024.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Strid om lokalisering

Det har vore ein årelang strid om bygginga av fellessjukehuset for 130.000 nordmøringar og romsdalingar. Molde og Kristiansund har krangla om lokalisering, folk har gått i fakkeltog og det har vore rettssaker.

Det er heller ikkje første gong prosjektet har blitt stansa. Den første konkurransen i 2018 blei avlyst fordi pristilboda entreprenørane kom med var mykje høgare enn budsjettet til Helse Møre og Romsdal.

Tapt mykje tid

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl (H) er skuffa, men ikkje overraska.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Molde har eit nedslite sjukehus frå 1960 og har venta i årevis på nybygg. Ordførar Torgeir Dahl (H) er skuffa, men forstod at dette kunne skje sidan det var så stor usemje om pris.

– Vi har tapt frykteleg mykje tid. Vi skulle ha vore i gang med bygginga for lengst, seier Dahl. Han meiner at helseføretaket burde ha innsett at kostnadsrammene for sjukehuset er for lave og at ein søkte om meir pengar.

– Ei fallitterklæring

Kjell Neergaard

Ordførar Kjell Neergaard (Ap) i Kristiansund meiner det er dramatisk at helseføretaket annullerer kontrakten med Skanska.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kristiansundarane har ført ein mangeårig kamp for å få behalde sjukehuset sitt, og framleis er det stor motstand i Kristiansund mot det nye, planlagde sjukehuset på Hjelset i Molde. Ordførar Kjell Neergaard meiner det som skjer no, er ei fallitterklæring.

– Dei har forhandla med Skanska sidan oktober 2019, og så endar dei opp med dette. Men det viser at prosjektet er for dyrt. Dei får heller skalere ned prosjektet og sjå på lokala her i Kristiansund. Her har vi et stort sjukehus som kan brukast.

Saka skal behandlast på eit ekstraordinært styremøte torsdag. Der foreslår sjukehusdirektør Øyvind Bakke at den økonomiske styringsramma for prosjektet blir auka frå 4, 6 milliardar kroner til 5,3 milliardar.

Det er allereie brukt 514 millionar kroner på planlegging av sjukehuset. I tillegg kjem 95 millionar i riving og førebuing.

Det er også foreslått å dele opp prosjektet, slik at ulike entreprenørar har ansvar for kvar sine bygg eller fagområde.

Etter planen skulle sjukehuset stå klart til drift i mai 2024.