Heliumballongar i Kristiansund

Det blir truleg heliumballongar å sjå i Kristiansund på 17. mai, melder tk.no. Ifølgje avisa har kommunen allereie gitt løyve til ballongar under årets feiring. Det same er tilfelle i Ålesund, skriv smp.no. I Molde har det fleire år vore forbod. Minst 31 kommunar i landet seier nei til heliumballongar, og nyleg vedtok Stortinget å be regjeringa vurdere eit nasjonalt forbod.

Ballonger
Foto: Shutterstock