NRK Meny
Normal

Slik skal pus sleppe å fryse

Dyr som skal opererast misser mykje kroppsvarme - særleg på potane. I Ørsta har dei funne ei løysing som både er praktisk og dekorativ.

figaro

Figaro (7 mnd.) held varmen med heklesokkar. Han har augene opne under operasjonen, men det er heilt vanleg.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Folk og kjæledyr ventar tolmodig på tur. Dyreklinikken i Ørsta har mange kundar på denne tida av året, og på dagens timeplan står blant anna kastrering, sårbehandling og røntgen. Eit lite rom bak disken vert klargjort for neste pasient. På operasjonsbordet i midten av rommet ligg ein stor hannkatt sovande på rygg med potane rett ut til kvar side. Figaro er klar for kastrering, men først må heklesokkane på.

– Når dyr vert bedøva misser dei mykje kroppsvarme og dei vert alltid kalde på føtene, seier dyrepleiar Ida Maria Buzon Ose medan ho kler dei små potane med fire grå heklesokkar.

Heklar frå morgon til kveld

Personalet ved Ørsta og Volda Dyreklinikk er opptekne av at dyra skal få topp behandling. Dei små pasientane vert tulla inn i pledd og får varmeflaske etter operasjon. Tidlegare har klinikken brukt bobleplast til å varme føtene, men det vert fort meir rot en det gjer nytte.

HUND

Ida har hekla sokkar i ulike størrelsar. Her gjer ho Tira klar til røntgen saman med kollega, Hege Lystad.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Eg hadde mykje restegarn liggande heime og fekk førre veke ideen om å hekle sokkar som vi kunne nytte som erstatning for bobleplasten, forklarar Ida.

Det er mange pasientar i alle typar og fasongar, det må difor mange sokkepar til.

– Det har berre balla på seg. Det fyrste eg gjer når eg står opp om morgonen er å hekle og det er det siste eg gjer før eg legg meg om kvelden, seier ho lattermildt og held fram at ho tykkjer det er kjekt å få så mange gode tilbakemeldingar.

– Nokon syns kanskje det er litt rart, men å sjå dyret sitt med lestar er alltid morosamt.

Gunstig for både folk og dyr

På klinikken går det fort unna, Figaro er ferdigoperert og det er klart for å ta i mot neste pasient, katten Gossen. Matmor vert forklart at katten skal få på seg små sokkar under operasjonen.

katt

Veterinær Siw Røeggen Lødemel gjennomføring kastrering på katten Gossen.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Alt ein gjer for desse små så dei ikkje skal fryse. Det er heilt topp, seier matmor, Palma Opsahl.

Veterinær Siw Røeggen Lødemel rosar kollegaen sin for det omtenksomme tiltaket.

– Vi er opptekne av at dyra skal ha det bra når dei er her, seier ho og held fram at det også kjem personalet til gode.

– No som vi brukar sokkar treng vi ikkje å køyre opp temperaturen like høgt, så vi slepp å sitte å sveitte medan vi jobbar, seier ho og ler.