Hopp til innhold

Høddvoll-tap mot nedrykksfavoritt Vard

Ein uheldig Andreas Lie slapp inn ei enkel scoring etter 25 minutt mot Vard Haugesund, før det nyopprykka laget kontra inn 0-2 rett før slutt.

Hødd-trenarane

Assistenttrenar Sindre Eid (t.h.) måtte sjå at Hødd til slutt tapte 2-0 mot Vard Haugesund. Hovudtrenar Lars Arne Nilsen var ikkje til stades på Høddvoll, då han er i Israel og følgjer U21-EM.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg sit igjen med null poeng og er sjølvsagt veldig skuffa. Men det var «one of those days», sa assistenttrenar i Hødd, Sindre Eid, til NRK etter kampen.

Før sesongen blei Vard Haugesund tippa nord og ned av ulike ekspertar. Så langt i sesongen har dei slite, og før kampen mot Hødd på Høddvoll hadde laget fem poeng.

På Høddvoll blei det derimot tre nye poeng for Vard Haugesund.

Keepertabbe til 0-1

Hødd spelte ein heil kamp under par, men var hakket betre enn motstanden gjennom heile kampen.

Likevel tok Vard Haugesund leiinga. Ballen blei slått inn frå høgre i det 25. minutt, og Hødd-keeper Andreas Lie kom ut ropande. Ballen glir derimot under keeperen, og Vetle Myhre fekk enkelt pirka inn borteleiinga.

Hødd pressa på gjennom heile andre omgang, men blei for upresise med dei siste avgjerande pasningane.

Mot spelets gang kontra i tillegg Vard Haugesund inn 0-2 i det 90. minutt, der Roy Miljeteig banka ballen i mål.

Sigeren gjorde at Vard Haugesund klatra frå 15. til 13. plass, medan Hødd framleis ligg på fjerdeplass med 21 poeng.

– Gode lag slår brutalt tilbake.

– Vi startar veldig bra, og bør score dei første 15 minutta. Målet imot er billig, dei legg seg lågt og vi evnar ikkje å bryte gjennom og å få utlikna. Det var skuffande i dag, sa Eid.

Han leia laget, då Lars Arne Nilsen var i Israel for å sjå U21-EM. Han meiner scoringa imot prega laget.

– Vi blei litt satt ut, og vi kom ikkje skikkeleg i gong igjen før i andre omgang. Vi er ikkje gode nok i dag, men ein får vel slike kampar av og til. Fram til no har vi hatt litt marginar, i dag var det marginar imot. No skal vi bli ferdig med kampen fort, slår Eid fast.

For allereie torsdag spelar Hødd ein utsett kamp mot Follo.

– Framleis fjerdeplass på tabellen for Hødd, skal de revansjere dagens tap borte mot Follo?

– Gode lag slår brutalt tilbake, og det er vårt mål no. Dagens kamp er historie, på torsdag må vi evne å slå tilbake.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL