Hopp til innhold

Maraton til topps

GURSKEN/SUNNMØRE (NRK.no): Hødd-spelar Steffen Moltu er eit levande bevis på at det aldri er for seint å bli fotballstjerne.

Jublande Hødd-spelarar

Steffen Moltu, med hendene i vêret i midten, spelte 1. divisjon første gong i april 2011. Før den tid hadde fotballdagane blitt spelt i 4. divisjon og 2. divisjon. I november i fjor blei han cupmeister med Hødd, no kjempar han i toppen av 1. divisjon.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Det er mogleg å ta den lange vegen, slår ein sindig 26 år gammal gursking fast.

For seks år sidan spelte han 4. divisjonsfotball for moderklubben Larsnes/Gursken.

Jan Åge Fjørtoft

Den store stjerna, Jan Åge Fjørtoft, var både elska og hata gjennom ei lang og imponerande proffkarriere. Det heile starta i Gursken og i Hødd. Her etter scoring for den norske landslaget på 90-talet.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Supertalenta frå Gursken

Sande kommune, på Sunnmøre. Jada, tidlegare kringkastingssjef Bjartmar Gjerde er ein kjend mann frå kommunen. Jan Åge Fjørtoft, frå Gursken-delen av kommunen, er derimot kjendisen med stor K derfrå.

Den breiale og unge Fjørtoft gjekk frå Gursken IL til naboklubben Hødd som 17-åring. 40 kampar og 36 mål seinare gjekk vegen til Eliteserien som 18-åring, før det blei proffkarriere i Austerrike, England og Tyskland.

I nyare tid finn ein Magnus Myklebust, nok eit stortalent frå Gursken IL. Til Hødd som 17-åring, i 2002.

67 kampar og 30 scoringar seinare banka Lillestrøm på døra, og Myklebust tok sats og landa i Eliteserien. Der blei han fram til 2009, før vegen gjekk vidare til Odd Grenland og Kongsvinger.

Og så har ein Steffen Moltu. I 2013 er toppfotball-CV-en plutseleg knallsterk. Cupgull og éin av tradisjonsrike Hødd sine viktigaste menn.

Var på prøvespel, fekk avslag

Men vegen har vore lang. Som 20-åring, i 2007, trakka han på dei lokale fotballbanene, ikkje langt frå barndomsheimen.

– Om eg hadde trudd at eg skulle ende opp som cupmeister og i 1. divisjon då eg spelte 4. divisjon med Larsnes/Gursken? Nei, eg veit ikkje altså ... Det er berre moro å vere her, seier Moltu i dag.

Før 2008-sesongen var Moltu på Høddvoll, på prøvespel for dei kvite og blå. Sture Fladmark var hovudtrenar, 21 år gamle Moltu fekk avslag.

Nyopprykte Skarbøvik, i 2. divisjon for første gong, hadde derimot behov for ein gigantisk ung herremann frå Ytre Søre Sunnmøre. 1,95 høg blei det tre gode sesongar i SIF.

Ironisk nok fekk Fladmark, som gav avslaget i 2008, trenarjobb i SIF i 2009. Som Skarbøvik-trenar uttalte Fladmark ved fleire høve at Moltu var god nok for langt større oppgåver.

– Hehe, jada, han Sture sa vel det. Men det er klart at ein utviklar seg i løpet av nokre år. Kanskje eg ikkje var god nok for fire år sidan?, sa ein undrande Moltu til underteikna ikkje lenge etter Hødd-debuten mot Bodø/Glimt, 3. april 2011.

  • Les: Kva dagleg leiar og sportssjef i Hødd, André Nevstad, seier om Moltu sin veg opp og fram i boksen til høgre.

Saka held fram under bildet.

Lars Arne Nilsen

Hovudtrenar i Hødd, Lars Arne Nilsen, signerte Steffen Moltu før 2011-sesongen. Her er Nilsen, med Kjell Rune Sellin, Fredrik Klock og Moltu i bakgrunnen, i dagane før NM-semifinalen mot Brann.

Foto: NRK

– Eg tok sjansen

Steffen Moltu

Midtstopparen har imponert mange sidan debuten i 2011. I årets sesong har Moltu vore éin av Hødd sin beste, viktigaste og mest solide menn. Her etter heimesigeren over Mjøndalen der 26-åringen blei matchvinnar.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Føtene godt planta på jorda utanfor grasmatta, fast jobb ved sidan av toppfotballtilværet i Hødd. Som Skarbøvik-spelar møtte Moltu Hødd ved fleire høve, som oftast til stor, stor irritasjon.

For i spel er gurskingen duellsterk, sterk i luftrommet og klok med ballen.

Så då SIF rykka ned i 2010, og Hødd rykka opp i 2010, var rykta om ein overgang kjapt ute. Han signerte Hødd-kontrakten vinteren 2011.

– Eg har sakte, men sikkert gått vegen og tatt dei ulike nivåa. Eg fekk sjansen som 24-åring, og då måtte eg verkeleg gripe den sjansen.

I Hødd var midtstoppar-konkurransen hard. Kaptein på tidspunktet, Fredrik Klock som la opp etter cupgullet, var sjølvsagt på laget. Ein Thomas Lid Kleppe i superform herja vinterstid. Moltu var i beste fall tredjevalet.

– Då han Thomas blei skadd på treningsleir på La Manga fekk eg sjansen, og eg tok sjansen. Når ein spelar på eit visst nivå så tilpassar ein seg nivået, meiner midtstopparen.

2700 spelte minutt, pluss tillegg

I Hødd sin opprykkssesong i 2011 starta og spelte Moltu kvar bidige kamp. Mannen med trøye nummer to spelte til og med kvart sekund og minutt.

90 minutt gonger 30, 2700 spelte minutt – første året i toppfotballen. Hødd gjorde det i tillegg ganske skarpt, då dei leia 1. divisjon midtvegs, før ein under pari haust enda med 8. plass.

– Eg har alltid vore svært glad i å spele fotball, det var alt ein styrte med i oppveksten. Var vi ikkje på trening, så var vi uansett oppe på bana og leika oss med fotball, fortel Moltu.

For både som 4. divisjons- og 2. divisjonsspelar heldt han draumen ved like.

– Det har aldri vore eit problem å motivere seg, same kva nivå eg har vore på. Lidenskapen for fotballen har vel vore viktig, og når ein spelar fotball så har dei fleste ein draum om å spele på eit høgt nivå, trur den no 26 år gamle mannen.

Hødd

Steffen Moltu i duell med Haugesund-spelar Alexander Søderlund i NM-kvartfinalen i 2012.

Foto: Jan Kåre Ness/Scanpix / NTB scanpix

Draumen blei til slutt verkeleg.

– Ja, kvifor ikkje?

Som 25-åring blei han altså fast inventar på Hødd i 1. divisjon. I fjorårets sesong starta han 27 av 30 kampar. Så langt i årets sesong har Moltu spelt alle kampar og minutt.

– Eg er eit eksempel på at ein nødvendig ikkje treng å vere eit stortalent som 16- eller 17-åring, seier ein blid Hødd-midtstoppar til NRK.

– Du kan vere til inspirasjon for andre spelarar i lågare divisjonar?

– Ja, kvifor ikkje? Alt er mogleg om ein verkeleg vil og går inn for det. Ein må berre stå på og halde ut. Den lange vegen kan vere kjedeleg, men min situasjon og veg kan kanskje vere til inspirasjon.

NM-gull, europacup og eliteseriedraum

Moltu og Klock

Her står Steffen Moltu, med kongepokalen i handa, saman med tidlegare midtstopparkollega Fredrik Klock. Dei to var Hødd sitt midtstopparpar i 2011 og 2012. I år er Moltu kollega med Jesper Tørnquist i midtforsvaret til Hødd.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

For Steffen Moltu toppa «den lange og harde vegen» seg i november, med NM-gull då Tromsø blei slått etter straffer i cupfinalen. Noko utenkeleg i 2007 for gurskingen.

Cupgullet blei jubla for, feira og har skapt enorm entusiasme rundt Hødd i Ulsteinvik. I sommar spelar blåtrøyene Europaliga-kvalifisering på heimebane. I serien kjempar dei heilt i toppen.

– Det er ikkje så verst å vere fotballspelar når det går bra. Eg føler eg presterer bra sjølv òg, så eg kosar meg veldig i Hødd for tida. Det har vore bra alle sesongane, men det er ekstra kjekt når vi vinn kampar og ligg «oppi der», meiner Moltu.

For Hødd-spelarane har, ifølgje midtstopparen, ein ambisjon om minst kvalikplass i årets 1. divisjon.

– Vi har vel meir eller mindre uttalt det sjølve, vi i spelargruppa, at vi ønskjer å vere der oppe. Den ambisjonen må vi ha, og så får vi telje opp litt seinare og sjå.

– Det er seks år sidan du spelte i 4. divisjon. Sidan du kom til Hødd har Adama Diomande gått til Strømsgodset, Ørjan Håskjold Nyland til Molde og nyleg signerte Pål André Helland Rosenborg-kontrakt. Skal du òg opp eit hakk?

– Tørt sagt har vel ambisjonen alltid vore å nå lengst mogleg og å få spele på eit høgst mogleg nivå, byrjar Moltu.

– Altså, eg har fått spørsmålet før, både i Hødd-tida mi og før. Og mykje må klaffe for å ta steget. Ein må prestere godt og stabilt over tid, samstundes som ein må treffe rette klubben til rett tid. Akkurat no har eg det utruleg bra i Hødd, men skulle det dukke opp noko må det sjølvsagt vurderast, seier den sympatiske Hødd-spelaren.

Saka held fram under bildet.

Hødd jublar for cupgull

Her jublar Steffen Moltu, i midten med henda i vêret, saman med lagkameratane. Det var då Andreas Rekdal sett inn den avgjerande straffa i cupfinalen at jubelbildet blei tatt.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Omtalte seg sjølv?

Håpet hans er sjølvsagt Eliteserie som Hødd-spelar. Det kan likevel nemnast at måten gurskingen omtalar vegen vidare oppover i fotball-hierarkiet klaffar godt med tilstanden for han sjølv akkurat no.

I år har Steffen Moltu vore blant Hødd sine beste menn, saman med midtstopparkollega Jesper Tørnquist, høgreback Akeem Latifu og den defensive terrieren i Sivert Heltne Nilsen. Gode og stabile prestasjonar, gjennom 10 1. divisjonskampar.

Åtte baklengsmål på dei 10, minst i 1. divisjon, der den defensive delen av spelet har vore forskjellen frå tidlegare år.

– Ja, det er klart, vi har vore solide bakover i år. Det har tidvis gått utover det offensive, men vi hugsar korleis det var å sleppe inn mange utan å score nok i fjor. Vi har hatt eit fokus på å ikkje sleppe inn så mange mål, fortel Moltu.

Dei fleste hugsar berre Hødd for fjorårets nærmast sjokkerande cupgull. I serien var nedrykket eit hårstrå unna.

– Det var nesten katastrofe, og det hugsar vi veldig godt. Vi var tidvis naive og langt frå kyniske nok bakover. No i vår har det handla litt om å samle nok poeng til å unngå å ha nedrykksspøkelset bak seg.

– Og no har vi samla så mange poeng at vi unngår den frykta. Vi har organisert oss godt, sloppe inn lite og putta måla vi treng for å vinne, slår Moltu fast.

Moltu mot Årst

Steffen Moltu, i duell med Tromsø-legende Ole Martin Årst. Den endelege duellen, cupfinalen 2012, vann gurskingen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Innan rekkjevidd

I dag spelar Hødd sin kamp nummer 11 i serien for året, motstandar er Vard Haugesund. Moltu meiner Hødd må passe på å ikkje undervurdere det nyopprykka laget, som for tida slit under nedrykksstreken.

Men heime på Høddvoll skal Hødd alltid vere best, blir det sagt. Og med ein glimrande heimestatistikk er minst topp seks mogleg, trur Moltu.

– Altså, det er innan rekkjevidd i det minste. I alle fall éin av fire kvalikplassar.

Det seier Hødd-midtstopparen som tok steget inn i toppfotballen som 24-åring. No er han éin av dei viktigaste brikkene i eit 1. divisjonslag som luktar på opprykk.

– Har du tenkt over vegen din, frå 4. divisjon som 21-åring, til cupgull og fast toppspel?

– Nei, eigentleg ikkje. Men eg har ei fru som minner meg om kor gammal eg byrjar å bli. Eg har ikkje fokusert på vegen, og eg lev vel eigentleg i noet.

Han drøymer om eliteseriespel, og trur det er mogleg for eit Hødd-lag i flytsona. Men mest av alt seier den sindige og rolege 26-åringen, frå Jan Åge Fjørtoft sin heimstad på Sunnmøre, gjentekne gonger:

– Det er moro å berre få vere her.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL