Hopp til innhold

Hotelleigar må seie nei til gjestar som har sett «Succession»

Reiselivet ventar mange TV-turistar etter 42 minutt med noregsreklame i prisbelønt amerikansk TV-serie. Hotelleigaren har ikkje rom til dei.

Episode fem av Succession S4, blei spelt inn i Norge. Her frå fjellet Nesaksla i Rauma

Harde forhandlingar i nordvestlandsk natur. Her er tre av karakterane på toppen av fjellet Nesaksla i Rauma.

Foto: HBO MAX

Millionar av TV-sjåarar i heile verda har fått med seg den storslåtte naturen i Møre og Romsdal, gjennom førre episode av HBO-serien «Succession». Serien har vunne 13 Emmy-prisar, mellom anna for beste TV-serie.

– Folk vil dit dei ser fine bilete og spektakulær natur i ein serie. Dei blir nysgjerrige på kor det er, seier reiselivssjef Torunn Dyrkorn.

Torunn Dyrkorn, Visit Nordvest

Torunn Dyrkorn er reiselivssjef i Visit Nordvest.

Foto: Roar Strøm / NRK

Nesten heile femte episode av fjerde sesong om den maktsjuke familien Roy føregår i Noreg. Vi blir tatt med i gondolen på Åndalsnes, Juvet landskapshotell, Atlanterhavsvegen og Trollstigen.

Dei styrtrike karakterane i serien bryr seg lite om snødekte fjelltoppar og panoramautsikt, men reiselivsnæringa trur turistane blir freista til å oppsøke stadane.

– Media frå utlandet er veldig på. Vi har fått ei lang, lang liste av artiklar som er publisert. Vi reknar med at dette vil gi ein effekt, seier Dyrkorn.

Nicholas Braun og Fisher Stevens

Skodespelarane Nicholas Braun og Fisher Stevens utanfor Juvet landskapshotell under innspelinga.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Fullbooka hotell

Både Mission Impossible og James Bond har scener frå same område, men sjåaren får aldri vite at det skjer i Noreg. Her skil «Succession» seg ut. Amerikanarane reiser til landstaden til ein svensk forretningsmann – i Noreg.

Dei sjekkar inn på Juvet landskapshotell i Valldal som består av små hus med store vindauge midt naturen. Karakteren Roman Roy er ikkje vidare imponert og klagar på at rommet er for lite.

hotelleier Knut Slinning, Juvet Landskapshotell

Hotelleigar Knut Slinning er ikkje overraska over interessa etter «Succession». I mange år etter filminnspelinga til Ex Machina har folk kome til Juvet landskapshotell.

Foto: Tibo

I verkelegheita har hotellet berre 24 senger og er allereie så populært at sommaren er fullbooka.

– Det er litt surt å vite at vi har så mange som vil komme, men at vi ikkje finn plass til alle, seier hotelleigar Knut Slinning.

Vanlegvis har dei 400–500 daglege treff på heimesida si. Etter «Succession»-episoden steig det til 18 500. Og mengda med e-post har auka kraftig.

Les også Den ekte familien bak «Succession»

Familien Murdoch. Rupert og Anna og datteren Elisabeth (foran). James og Lachlan i armene til sine foreldre.

Utlendingar tar kontakt

Filmcrewet på 250 personar hadde innspeling i september 2022. Det var spanande dagar for Per Espen Thorgersen som driv Eggen restaurant. Den ligg på fjelltoppen ved endestoppen til gondolen på Åndalsnes.

Mykje av filminga føregjekk her, men han var budd på at det kunne bli berre små klipp som faktisk kom med.

– Eg blei heilt blåst i bakken av kor mykje frå serien som er brukt frå gondolen, restauranten og utanfor. Det er heilt fantastisk for oss, seier Thorgersen.

Også han merkar auka førespurnader dei siste dagane av utlendingar som har sett «Succession».

– Vi her skjøner ikkje kor stor serien er i USA, seier Thorgersen. Han trur bestillingane kjem til å tikke inn framover.

Skodespelar Peter Friedman på veg opp til fjelet nesaksla i Rauma.

Skodespelar Peter Friedman på veg opp gondolen i Rauma.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fekk dekt millionar

«Succession» fekk dekt 14 millionar kroner i kostnader for å spele inn serien i Noreg. Dette er gjennom insentivordninga til Norsk filminstitutt, som refunderer opp mot 25 prosent av utgiftene.

Det er usikkert om også neste episode skal føregå i Møre og Romsdal eller om alle karakterane returnerer til USA.

Denne fjerde sesongen av serien blir den siste.

NRK møtte Brian Cox, som spiller Logan Roy i TV-serien Succession.

NRK møtte Brian Cox, som spelar Logan Roy i TV-serien «Succession».