Havila kjøper Hotel Raftevold

Havila Holding satsar ytterlegare på reiseliv og kjøpe Hotel Raftevold i Hornindal. Havila Holding eig frå før Hotell Ivar Aasen i Ørsta og 45 prosent i Thon Hotel Fosnavåg. No satsar dei vidare med eit tredje hotell i regionen.

– No har vi enda meir å spele på inn mot dei store reiselivsaktørane og hotella kan også drage gjensidig nytte av kvarandre ved å samarbeide på ulike område, sierer seier to av dei nye eigarane i Havila Holding, Hege Sævik Rabben og Vegard Sævik.

Jens Brokman og Gunther Dahler
Foto: Havila Holding