Hopp til innhold
Hoven
Foto: Hoven Loen AS

Næringslivet i Sogn og Fjordane

Oppsummert

Her får du siste nytt om næringsliv, landbruk og turisme i Sogn og Fjordane. Har du tips? Send dei gjerne på e-post til sf@nrk.no, ring 57 72 42 42, bruk emneknaggen #nrksf i sosiale medium eller send dei inn her.

  • Næringsministeren opna ny fabrikk i Årdal

    Næringsminister Jan Christian Vestre opna denne veka Hydro sitt nye resirkuleringsanlegg for aluminium i Årdal.

    – Dette er eit godt døme på at norsk industri går føre i omstillinga og sikrar seg ein konkurransefordel. I Årdal investerer Hydro i ny teknologi for å kutte eigne CO2-utslepp og skape grønare produkt som verda treng, sa statsråden.

    Den nye legeringa inneheld 25 prosent brukt og resirkulert aluminium. Testleveransane viser at karbonavtrykket per kilo aluminium er redusert med nesten 70 prosent samanlikna med det europeiske gjennomsnittet.

  • Sogn og Fjordane energi ikkje bekymra etter hendinga i Innlandet

    Me har jamnlege inspeksjonar og gode rutinar ved vårt vindkraftanlegg. Ein kan jo ikkje seia at det aldri skal skje feil ein gong i framtida, men me har inga grunn til å tru at noko liknande kan skje hos oss, seier Jannicke Lindvik, kommunikasjonsansvarleg i Sogn og Fjordane energi.

    Lindvik understrekar til NRK at dei har fleire gode system for å hindra feil og hendingar. og at dei ved sin døgnbemanna produksjonssentral på Sandane, har kontinuerleg overvaking av alle kraftverka deira.

    Den nye produksjonssentralen til Sogn og Fjordane energi
    Foto: Thor Aage Lillestøl / Photoevent for Sogn og Fjordane energi
  • Fiskeridirektoratet skeptiske til torskeoppdrett i Vik

    Nordfjordfirmaet Sjømatstaden AS har søkt konsesjon om oppdrett av torsk i Vik kommune i Sogn. Selskapet har lyst å etablere oppdrettsanlegg ved Håastrondi og Straumsnes.

    Fiskeridirektoratet har no kome med si vurdering der dei frårår ei slik etablering, fordi ho kan medføra vesentlege negative konsekvensar for lokale bestandar av kysttorsk. Det melder Sogn Avis. Direktoratet er spesielt uroa for at oppdrettstorsk skal rømme frå merdane.

    I høyringsrunden har mellom anna Sognefjorden Vel, Norske lakseelver og Naturvernforbundet kome med innspel. No er det opp til Vestland fylkeskommune å avgjere saka.

    – Me ventar framleis svart frå Statsforvaltaren i Vestland, seier Elisabeth Aune, seniorrådgjevar naturressursar, landbruk og reiseliv i fylkeskommunen, til avisa.

  • MDG-nestleiar vil fjerne formuesskatten

    Nestleiar Ingrid Liland i Miljøpartiet Dei Grøne meiner formuesskatten er skadeleg for omstilling og at han må fjernast.

    – Det er eit skikkeleg linjeskift, seier ho til Dagens Næringsliv.

    Før jul pusta salet av Fjord1 liv i det som er omtalt som den mest uforsonlege skattekampen i norsk politikk.