Hopp til innhold

Havgul gir seg ikkje

Havgul AS vil ikkje leggje bort planane om vindmøllepark utanfor Giske og Haram. - Det er ikkje vi som bestemmer, seier dagleg leiar Harald Dirdal.

- Haram kommune har sagt ja til vindmølleparken, Giske seier nei. No må Noregs vassdrags- og energidirektorat ta med seg begge råda og vurdere dei opp mot kraftsituasjonen, seier Dirdal.

 

 Ryddig prosess

- Folk i Giske har fått mykje god informasjon frå begge partar, det har vore ein ryddig prosess fram til folkeavrøystinga og folk har hatt eit godt grunnlag for å ta ei avgjerd, seier Dirdal. Men sette strek over planane verken vil eller kan han.

Havsul II

Den planlagde vindparken Havsul II utanfor Giske og Haram er organisert i aksjeselskapet Havsul II AS, der Havgul AS og Tafjord Kraftproduksjon AS eig kvar sin halvdel. Etter hovudalternativet skal det byggjast 178 vindmøller, og vindparken skal produsere nok kraft til ca. 110 000 husstandar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL