Hopp til innhold

Havål som samleobjekt

Eit noko spesielt samleobekt - men ein drøyt to meter lang havål på 33 kilo er nok til å sette verdsrekord...

Video Rekordlang ål

Christian Gjøvaag
Foto: Arild Pettersen / NRK

Det var ikkje tilfeldig at Christian Gjøvaag og kameraten Thomas Breivik fekk det digre dyret på kroken. Dei er nemleg arts-samlarar. Målet er å fiske flest mogleg sjeldne artar, og no er det sesong for havålfiske.

- Det var veldig artig å få napp etter mange resultatlause turar. Havålen er aktiv om natta så vi har stort sett fiska i mørkret. Denne ålen tok vi rundt midnatt.

Med sine 63 cm rundt livet og ei lengde på 2 meter o 11 cm er det ein kjempe - den største havålen som er fiska med stang frå land. Likevel havålar kan bli enda større.

Tommy Vangsmo

Tommy Vangsmo er ein av dei som no passar på havålen i Atlanterhavsparken

Foto: Arild Pettersen / NRK

- Ålar som dette kan bli godt over eitt hundre kilo, seier akvarist Tommy Vangsmo i Atlanterhavsparken der ålen no er.

Havålen lever på store djup og kan bli gamal. Det siste den gjer i livet er å legge ut på ei lang vandring for å gyte i Middelhavet eller sør i Atlanterhavet.

Denne ålen blei fiska på ca. 40 meters djup i Storfjorden av Thomas Breivik som er student i Trondheim.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL