Hopp til innhold

Hareide godtatt som arvtakar

Det er brei oppslutning om Knut Arild Hareide som Krf-leiar også i Møre og Romsdal. Men konservative krev utskifting av nestleiar.

Video Hareide godtatt som arvtakar

Partifeller i Møre og Romsdal sluttar breidt opp om Knut Arild Hareide som ny leiar i Krf.

Men på grasrota vert det stilt krav om at også dei to nestleiarane, Inger Lise Hansen og Dagrun Eriksen, stillar plassane sine til disposisjon når Dagfinn Høybråten går av.

Hallgeir Reiten
Foto: Remi Sagen / NRK

Hallgeir Reiten meiner Hareide kan bli bra, men som konservativ representant for grasrota er han stadig uroleg for partiet.

- Største problemet for KrF er at det blir sendt ut mange motstridande og forvirrande signal om til dømes samarbeid med høgre- eller venstresida i politikken og i forhold til bekjennelsesparagrafen, seier Reiten.

I ein blogg tidlegare i år sette han fram kravet om at Inger Lise Hansen måtte trekkje seg som nestleiar. Det same meiner Hallgeir Reiten i dag.

Fylkeslaget støttar

Fylkeslaget i Møre og Romsdal har signalisert at Knut Arild Hareide er førstekandidaten deira. Førebels ser det ikkje ut til at Hareide har motkandidatar når det skal veljast på landsmøtet i mai.

Dei fleste trur han kan virke samlande. Slik også med Kjell Lode som er leiar i Møre og Romsdal KrF.

- Eg har opplevd Hareide for å ha eit veldig vidt syn og han kjenner KrF-landskapet veldig godt. Det vil hjelpe han til å bli ein god leiar.

Video Hareide stiller som lederkandidat

Knut Arild Hareide er motivert for å ta over leiarskapet i partiet.