Haramssenteret er eit nytt bygningskompleks som rommar sjukeheim, omsorgsbustader, kulturhus og forretningslokale.
Naturgass Møre
Det er Naturgass Møre AS som leverer gassen til Haramssenteret og som eig og driv gassanlegget. Gassen blir brukt til å varme opp forbruksvatn og til golvvarme, og skal også brukast til matlaging o.l. Neste år skal gassen også varme opp den nye barneskulen i sentrum, og Tore Norddal i Naturgass Møre seier at anlegget har kapasitet til å dekkje ein stor del av oppvarmingsbehovet i Brattvåg sentrum.
Foto: Naturgass Møre
Foto Naturgass Møre
Anlegget er produsert i Tsjekkia. Det er bygt inn i ein vanleg container, og skal vere det mest kompakte anlegget for flytande naturgass som hittil er levert i Noreg.
Tore Norddal seier at dette er same typen gass som vil kome frå Ormen-Lange-feltet. Gassen kjem til anlegget i flytande form, nedkjølt til -162 grader.