Ferja reiste med dei unge
Eit fastlandssamband til 3,8 milliarder kroner er det som skal få Synnøve og andre unge til å flytte tilbake til øyane.
Det var den kvitmåla, gamle ferja med rustflekkar som legg til kaia med eit lite smell, som gjorde at Synnøve Farstad Standal frå Lepsøya enda i ei kjellerleilegheit på fastlandet. Ho var 15 år gamal og skulle starte på vidaregåande. Ferja gjorde det umogleg for henne å pendle. Difor lærte Synnøve å lage mat og vaske klede, lenge før mange andre i klassa. Det var ferja som gjorde at ho vart ein del av den dystre fråflyttingsstatistikken på Nordøyane i Haram. Mange orka ikkje å måtte vere avhengige av ferjetider og innstillingar på grunn av dårleg ver, og flykta til fastlandet. Dei var lei av å ikkje nå flyturen. Eller sjukehustimen. Eller jobb. Viktige møter.
– Det hender at enkelte lurer på kvifor samfunnet skal bruke så mykje pengar på utkantane, men folk kan prøve å bu på ei øy sjølv, seier Synnøve Farstad Standal (30).
Ho står i ei blokkleilegheit i Ålesund, omgitt av flyttekasser og gamblar på at stortingspolitikarane seier ja til tre undersjøiske tunnelar og eit brusamband til 3,8 milliardar kroner, måndag 19. juni. Ho vil heim. 15 år etter flukta.
Synnøve har god hjelp frå søstera Ingrid. Ingrid har også planar om å bygge hus på øyane, men ventar til Nordøyvegen er endeleg vedteken.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKNedturar i kø
Dei siste 30 åra har det blitt bygt over 40 fastlandssamband i Noreg.
I Haram kom den første ideen om å byte ut ferja med bru allereie på 60-talet, men det var først i 1987, det året Synnøve Farstad Standal lærte seg å gå, at planane tok form for alvor. Selskapet Nordøyvegen vart etablert og optimistiske øyfolk teikna aksjar. 30 år etterpå har sjølv dei mest optimistiske mist trua mange gongar.
Nedturane har stått i kø og ikkje noko anna vegprosjekt i Møre og Romsdal har tatt så lang tid, med stadige kampar for å få finansiert sambandet.
Det er kanskje berre ein person i verda som aldri har tvilt på at Nordøyvegen skulle bli ein realitet. Tidlegare ordførar og fylkestingspolitikar Oddbjørn Vatne (Sp) er for mange sjølve symbolet på kampen for Nordøyvegen. I 14 år var han styreleiar og rådgivar for selskapet og han har brukt uendeleg mange timar på å overtyde politikarkollegaer om kvifor 2900 menneske treng fastlandssamband til fleire milliardar kroner.
– Det er ikkje slik at samfunnet har desse milliardane å bruke på andre ting, dersom Nordøyvegen ikkje kjem. Det er det enkelte som trur, seier Vatne og ristar på hovudet. Nordøyvegen skal erstatte to ferjesamband som kostar 70-80 millionar kroner årleg å drifte. Desse såkalla ferjeavløysingsmidlane vert putta inn i prosjektet. Dei reisande må også betale bompengar for å bruke sambandet.
– Eg trur at når folk kan pendle til og frå øyane, blir dette ei inderleg god investering, seier Vatne. Han trur fastlandssambandet ikkje berre fører til større fridom for øyingane, men at det verkar positivt både på busetting og næringsliv.
Oddbjørn Vatne (Sp) har aldri gitt opp trua på Nordøyvegen. Han har vore så engasjert at mange har gått ut i frå at han budde på øyane sjølv, men det gjer han ikkje. Han driv gard på fastlandet.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKBratt tunnel lagde drama
I 3. etasje i blokka i Ålesund renn sveitten. Der er ikkje heis og kassene til Synnøve som skal inn i varebilen er tunge. Mange gjenstandar har samla seg opp gjennom 10 år som byjente. 10 år utan å ofre rutetidene ein tanke.
Synnøve har ein liten kul på magen, som skal vekse fram til oktober. Gode hjelparar frå familien må difor ta dei tyngste børene. Ektemannen Tor Gunnar er i Mexico på jobb og får ikkje bidratt i flytteinnspurten. Han kjem frå naboøya, Haramsøya, og også han drog til fastlandet som ungdom. Paret har budd ein spasertur frå alle restaurantar og kulturtilbod i Ålesund, men likevel har heimlengselen berre litt sterkare og sterkare. Dei vil tilbake til øyane, til lukta av havet. Til samhaldet som er heilt spesiell for øysamfunnet, dugnadane der alle må ta sin del. På øyane er det stor boltreplass for Johannes (2) og den nye babyen. Det er berre ei hake ved det heile. Ferja.
– Vi venta og venta på at Nordøyvegen skulle komme, men ingenting skjedde. Til slutt måtte vi berre bestemme oss, seier Synnøve.
Like før jul i 2015 skreiv dei kontrakt med eit husfirma og kryssa fingrane for at fastlandssambandet skulle skli glatt gjennom dei politiske prosessane. Nordøyvegen hadde aldri vore nærare.
Tre månader seinare kom sjokkbeskjeden som fekk det til å gå kaldt nedover ryggen på sjølv dei mest optimistiske øyingane. Vegdirektoratet godkjende ikkje dei tre undersjøiske tunnelane fordi dei var for bratte og dermed kunne utgjere ein brannfare. Anten måtte stigninga endrast eller sambandet skrinleggast.
– Klart det var dramatisk for Nordøyvegen, men eg tenkte berre at dette var endå eit hinder og at det kom til å ordne seg, seier Synnøve.
Synnøve fekk rett. Nye skisser kom på bordet, som gjorde tunnelane 270 meter lengre og ca. 100 millionar kroner dyrare. Framleis stod det kritiske nålauge Nordøyvegen måtte gjennom att, som det å få finansieringa godkjent. Medan Synnøve og Tor Gunnar planla romløysingane i det nye huset, sat økonomar i Oslo og rekna.
Johannes blir tre år i juli og i oktober får han ein veslebror.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKHindrar ikkje fråflytting
Å få fastlandssamband er ikkje ei sikker oppskrift på å hindre fråflytting, viser forsking. I alle fall ikkje alle stader. Eivind Tveter i Møreforsking har sett på 11 fastlandssamband i Noreg og finn at det er små øyer som blir knytt til ein større by eller arbeidsmarknad som får størst effekt på befolkninga. I prosjekt som ligg langt unna sentrale område, har innbyggjartalet enkelte stader minka, sjølv om det kom bru eller tunnel.
– Det tar lang tid før vi ser effekt i befolkninga. Det tar minst fem år før det skjer noko, seier Tveter.
Forskaren seier at Nordøyvegen vil gi stor gevinst for dei som bur på øyane i Haram og Sandøy, og det er ikkje umogleg at sambandet kan verke positivt på folketalet.
Stig Nyland Andersen, overingeniør frå Statens vegvesen, har også sett på befolkningsutviklinga og husprisar ved fastlandssamband. Til liks med Tveter ser han at å erstatte ferja med veg kan gi sterk befolkningsvekst på øyer som ligg i pendlaravstand til større byar. Eit døme er Rennesøy og Finnøy i Rogaland, som fekk mykje kortare avstand til Stavanger. Dei har hatt kraftig vekst i befolkninga i ettertid. Frå 2009 til 2016 var veksten på 15,5 prosent i Finnøy. Det er også tilsvarande trendar på Rennesøy, som opplevde auka vekst etter at bompengane var nedbetalt.
– Det er litt meir uklare tendensar for dei som ligg langt utanfor byane, seier Andersen.
Liste for bompengar
Frå store stovevindauge har Synnøve panoramautsikt over fjorden og naboøya. Eit lite cruiseskip seglar forbi, på veg til Ålesund. Handverkarar trakkar i alle rom og jobbar for at huset snart skal bli ferdig. Funkishuset til Synnøve og Tor Gunnar var allereie tett den hausten konsulentane la fram sine utrekningar på Nordøyvegen. Rapporten var nedslåande. Tala viste at Nordøyvegen kom til å bli langt dyrare enn venta. Nok ein gong stod fastlandssambandet i fare. For Synnøve og Tor Gunnar var det for seint å snu. No stod dei midt opp i husbygginga og visste at dei kanskje måtte leve med ferje resten av livet.
Det var då næringslivet på øyane klaska sine tal i bordet. Dei hadde bestilt sin eigen rapport, som hadde ein heilt anna konklusjon enn den andre. I desember vedtok Fylkestinget nok ein gong å bygge Nordøyvegen. Neste nålauge var å få godkjent bompengesøknaden. På øyane var det underskriftskampanje for å få betale bompengar, med lister på butikkane.
– Vi er vande med å betale ferjebillett kvar gong vi skal nokon plass. Alle er budde på å betale bompengar, seier Synnøve. I mai 2017 gav regjeringa grønt lys for å krevje inn bompengar på Nordøyvegen, men framleis stod det endelege vedtaket att.
Ambulansebåten Norskyss ligg parat dersom nokon blir sjuke. Frå venstre Harold Rogne, Arild Flem, Terje Austnes og Fride Dybvik.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKPå føden i skyssbåt
Den vesle familien har budd på øya berre i få dagar, men merkar allereie kor avhengige dei er av ferjeruta.
Synnøve jobbar som omsorgsarbeidar på fastlandet og klarer plutseleg ikkje å kome presis på jobb. Anten kjem ho for tidleg eller 10 minutt for seint på grunn av ferjetidene.
– Arbeidstida mi klaffar dårleg med ferja, men heldigvis har eg moglegheit for å vere fleksibel, seier Synnøve.
Ho veit at ein gong i oktober vert det ekstra viktig å komme seg på fastlandet i tide. Då skal gut nummer to kome til verda. Dersom fødselen startar midt på natta og ferja ikkje går, finst det ein plan. Den er flytande, gul og ligg i småbåthamna.
Mannskapet om bord i ambulansebåten Norskyss har pause i sola og ventar på at veterinæren skal dukke opp. Han skal skyssast til naboøya, eit oppdrag som berre er prioritert dersom det ikkje skjer noko akutt. Alle dei fire har dramatiske minner frå sjuke pasientar som må kome seg til sjukehuset i all hast når verken ferje eller helikopter går. Øysamfunnet har to ambulansar ståande og skyssbåten. Dersom nokon blir alvorleg sjuk, hentar teamet pasienten med ambulanse og køyrer vidare til båten. Etter båtur til Ålesund, står ny ambulanse på kaia der og ventar, for å ta siste etappe til sjukehuset.
– Det er mange episodar der vi har tatt laus midt på natta i dårleg ver. Vi strekker oss ganske langt for å få folk til sjukehus. Eg er ikkje redd på sjøen etter 40 år, men har vore redd for pasientane, seier Terje Austnes, som er kaptein. Han har frivakt og har berre tatt turen for å slå av ein prat.
Dei tilsette på ambulansebåten engasjerer seg sterkt for fastlandssambambandet, sjølv om jobbane deira forsvinn. Argumenta er dei same. Øysamfunnet er ikkje liv laga utan veg.
19. juni er dagen då Stortinget skal avgjere om Synnøve og familien kan kaste ruteheftet og kome seg på jobb i tide.
– Alle trur at Nordøyvegen kjem snart. Skjer det ikkje no, blir det aldri, seier Synnøve.
Huset til Synnøve og Tor Gunnar på Haramsøya er snart innflyttingsklart.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK