Hopp til innhold

Trur Noreg kan gå heilt til topps i EM

Tidlegare landslagsspelar Ann Kristin Aarønes har sterk tru på at Noreg vil sikre seg finalebilletten i EM.

Ann Kristin Aarønes

Tidlegare landslagsspelar Ann Kristin Aarønes spår at det blir Noreg mot Sverige i EM-finalen på søndag.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Det norske kvinnelandslaget svikta ikkje i kvartfinalen mot Spania på måndag. At det ville bli siger, var tidlegare landslagsspelar Ann Kristin Aarønes trygg på allereie før kampen hadde starta.

– Det trudde eg faktisk på førehand fordi Spania spelar ein type fotball som det passar for Noreg å spele imot. I løpet av kampen viste Noreg seg gode defensivt og nytta seg av dei sjansane dei fekk, så det ein fortent siger.

Stolt av Hegerberg

Ada Hegerberg

18-årigen Ada Hegerberg frå Sunndalsøra sikra det andre målet i kvartfinalen mellom Noreg og Spania på måndag. Noreg vann 3-1.

Foto: PATRIC SODERSTROM / Ap

Kampen enda 3-1, og eitt av måla var det sunndalingen Ada Hegerberg som stod for.

Det synest Aarønes er ekstra kjekt. Ho har nemleg vore med på å utvikle 18-åringen til å bli den landslagsspelaren ho i dag har blitt.

– Eg har vore med som lagleiar på Jenter 19-laget der Ada har spelt saman med systera Andrine. Vi har no farta saman i to år, så eg kjenner Ada brukbart som både fotballspelar og person. Det er difor litt ekstra artig å følgje med ho no, smiler Aarønes.

– Vil slå Danmark

Torsdag er det semifinale mot Danmark som står for tur. Også denne kampen trur Aarønes Noreg vil kunne takle heilt fint.

– Å slå Danmark bør absolutt vere mogleg. Danmark kom jo vidare på loddtrekning og vart nummer tre i pulja si. No var dei litt heldige sånn sett, at dei slo Frankrike var overraskande, men så klart ein veldig sterk prestasjon.

I den andre semifinalen skal Sverige møte Tyskland. Sjølv om sistnemnde vanlegvis er favorittar, trur Aarønes likevel at det er Sverige som kjem til å sikre seg finalebilletten.

– Tyskland har hatt ein del skadar før meisterskapet og er nok litt svekka. Sverige har på si side vore veldig gode og har fulle stadion som støttar dei. Eg ser difor ikkje vekk ifrå at Tyskland kan slå Sverige, og når Noreg slår Danmark, så vert det Noreg-Sverige i finalen, spår Aarønes.

Når Noreg slår Danmark?

– Ja, ikkje om, men når Noreg slår Danmark ja!

Draumefinalen

Draumefinalen til Aarønes er eit fullsett Friends Arena i Stockholm med Noreg og Sverige på banen. Ho trur ikkje det blir enkelt å slå Sverige, men slår heller ikkje moglegheita frå seg.

– Presset som Sverige opplever kan bikke begge vegar, det kan også gjere at det vert litt vanskelegare for Sverige. Vi får sjå.

Aarnøes har allereie planen klar om – orsak, når – det går mot finalekamp i helga.

Skulle det faktisk gå det mot finalekamp i helga, har Aarønes planen klar.

– Til helga er eg på landslagssamling i Danmark med Jenter 19-laget, så blir det norsk finale skal vi benke oss i hop og sjå på!

Håper interessa varer ved

Den erfarne fotballspelaren håper den store interessa rundt kvinnefotballen vare ved sjølv om oppturen til fotballdamene plutseleg skulle ta slutt.

– Det er det ein har slite litt med før. Det har vore stor merksemd rundt meisterskap når ein har gjort det bra, så har det slokna litt etterpå. Ein får berre bygge stein for stein og prøve å bygge interessa, seier Aarønes nøkternt.