Hopp til innhold

Har oppdaga ei melding som har forsvunne

Volda kommune er råka av feilen i den nasjonale meldingsportalen til barnevernet. Det skriv dei på nettsidene sine.

Søre Sunnmøre barnevern, som Volda kommune er vertskommune for, består av kommunane Vanylven, Sande, Hareid, Ulstein og Ørsta.

– Då vi blei kjend med feilen i Bergen, starta Søre Sunnmøre IKT (SSIKT) med ein gong å gå gjennom våre loggar. Dei har no oppdaga éi melding som har forsvunne. Denne blei sendt inn 24. mars 2022 frå nokon i Volda. Vi veit ikkje om det var ein privatperson eller offentleg aktør som sende inn denne meldinga, skriv kommunen.

Søre Sunnmøre barnevern skriv vidare at dei oppmodar dei som har meldt inn bekymringsmelding i perioden midten av januar 2021 til 1. januar 2022, og som er urolege for om meldinga har kome fram, om å ta kontakt med barnevernet for å forsikre seg om at dei har teke imot meldinga. Det same gjeld den eller dei som kan ha sendt inn meldinga 24. mars 2022.

Også i Vestnes er det funne feil i systemet. Dei har så langt funne ei melding som ikkje skal ha kome fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL