Hopp til innhold

Fire har meldt seg ut av Frp i protest

Bystyrerepresentant Stig Rovik har meldt seg ut av Frp i protest mot at to av partiet sine representantar i går blei ekskluderte på livstid. Han er ikkje aleine

Stig Rovik, Kristiansund Frp

Stig Rovik melde seg i dag ut av Framstegspartiet.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Tysdag kveld blei det kjent at to sentrale Frp-politikarar i Kristiansund er ekskludert frå partiet på livstid. Bakgrunnen er ifølgje dei to eit lesarinnlegg der dei to går i mot fylkespartiet og meiner Nordmøre bør gå til Trøndelag.

I dag har fire av sju styremedlemmar i Kristiansund Framstegsparti meldt seg ut av partiet i protest, seier Rovik. Geir Nordli, som også sit i styret, blei ekskludert i går. Dermed er det berre to personar igjen i styret i lokallaget.

– Eg er ein lokalpolitikar og vil vere talerør for Kristiansund. Og når vi blir knebla av Frp, er gleda av å vere lokalpolitikar borte, seier han til Frp.

Han trur utmeldingane vil føre til kaos i lokalpartiet no.

Beklagar utmeldingar

Frank Sve

Frank Sve er fylkesleiar i Framstegspartiet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Sve, vil ikkje kommentere eksklusjonane, og seier det er ei personalsak. Men han seier seg lei for at folk veljer å forlate partiet.

– Eg har ikkje fått stadfesta utmeldingane, men dersom det stemmer at fem av seks har meldt seg ut, er det sterk beklageleg, seier Sve til NRK.

Han seier det likevel er opp til kvar enkelt om dei ønskjer å vere medlem i partiet.

– Vi handterer dette på vanleg måte i partiet. Vi støtter det resterande lokallaget når denne situasjonen no har oppstått.

Han har følgjande å seie om bakgrunnen for at Roy Olav Holten og Geir Nordli i går blei ekskludert:

– Vi har lover å vedtekter å forhalde oss til, og det gjeld for alle. Og det vil vere viktig for oss at eit nytt styre forstår rolla si i forhold til det.

Indre strid

Lars Nehru Sand

Politisk kommentator i NRK seier at fylkesdebatten er ekstra betent mange stader.

Foto: NRK

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, seier at Frp lokalt må ta ansvar for ei reform som partiet sentralt har gått med på. I partiprogrammet står det ikkje noko om regionreforma.

– Fylkesdebatten er ekstra betent mange stader, spesielt på Nordmøre etter sjukehusstriden. Det same skjer i Agder-fylka der det er motstand mot å slå saman fylka, seier Nehru Sand. Han seier at dermed ligg Frp lageleg til for indre stridigheit og at det skjer for open scene dei to stadene.

Framstegspartiet er motstandar av fylkeskommunen og at det skal vere eit ekstra administrasjonsledd mellom kommune og stad, men som regjeringsparti har Frp gått med på regionreforma saman med samarbeidspartia.

– Frp er spesielt kjent for at det er lov å snakke rett frå levra, men partiet har sterk lojalitet til sitt eige partiprogram. No oppstår det ein konflikt når Frp på den eine sida meiner noko i eit partiprogram og også har ein lojalitet til ein signert avtale på Stortinget, seier kommentatoren.