Hopp til innhold

Har ikkje levert tilsvar

Verken Torghatten eller Fylkeskommunen leverte forslag til nye tiltak i fusjonssaka om Fjord1, skriv Firda. Konkurransetilsynet meiner fusjonen mellom Fjord1 og Torghatten vil gje eit dårlegare tilbod og høgare billettprisar, og er difor negative til at Fylkeskommunen sel sine aksjar. Partane har meldt inn at dei er negative, men har ikkje lagt fram konkrete endringar som kan vege opp for tilsynet si uro. Konkurransetilsynet seier til avisa at partane framleis kan kome med forslag til avbøtande tiltak innan 1. juli.