Har funne feilen

Svorka Energi har no funne feilen til straumbrotet på Stangvika i Surnadal. Det blir no jobba med feilretting, men det kan ta tid før straumen er tilbake. Driftsvakt i Svorka Energi opplyser klokka truleg blir minst 12.00 før straumen er tilbake. Rundt 230 kundar er ramma av straumbrotet.