Hopp til innhold

Verft krev tre testar av utanlandske arbeidarar

Fleire norske verft har blitt ramma av utanlandsk importsmitte. No vil Kværner Stord at alle utanlandske arbeidarar skal testast også i heimlandet.

KVÆRNER STORD

KREV TRE TESTAR: Ved Kværner Stord må alle dei utanlandske arbeidarane som kjem visa ein negativ koronatest frå heimlandet før dei set seg på flyet.

Foto: Mats Arnesen / NRK

Ved Kværner sitt verft på Stord har 17 arbeidarar fått påvist covid-19 i haust. Tre av dei kom sundag til verftet, og sit no i isolasjon.

Sjølv om Kværner ikkje har hatt eit stort utbrot, måtte alle dei 240 arbeidarane som kom til verftet førre sundag i karantene. Det viste seg at fem av dei hadde korona.

– Ingen av arbeidarane fekk jobba, dei måtte sitja og venta i to dagar i brakkene dei bur i, til smittesporingsarbeidet var gjort, seier Odd Naustdal, kommunikasjonssjef i Kværner Stord.

Verftet er no lei importsmitten, og frå neste mannskapsbyte set dei krav om at alle utanlandske arbeidarar skal visa ein negativ test i heimlandet før dei set seg på flyet til Noreg.

– Me har prosjekt som skal gjennomførast og arbeid som skal gjerast. Samstundes er det heller ikkje gunstig for den eller dei som må sitja i karantene på ei brakke, seier Naustdal.

Testar ikkje tre gongar trass utbrot

Kværner Stord er ikkje det einaste verftet som har fått smitte blant sine utanlandske tilsette.

Den vesle kommunen Hyllestad med vel 1300 innbyggjarar var raudare enn raudast på koronakartet førre veke. Då hadde 80 fått påvist covid-19 etter eit utbrot ved hjørnesteinsbedrifta Havyard.

Likevel vil ikkje dei gi påbod om at dei utanlandske arbeidarane må testa seg i heimlandet.

– Me har ei god smittevernleiing på Havyard. Viss dei følgjer dei reglane som er, trur eg det skal gå bra, seier hovudverneombod Odd Takle ved verftet.

Reglane seier at alle utanlandske arbeidarar skal testast ved framkomst og etter fem dagar.

Verftet Aibel i Haugesund har ikkje enno innført eit krav om test i heimlandet, men vurderer det. Dessutan har dei tilrådd det til sine leverandørar.

– Reisa er gjerne risikofylt, så me ser på kva vinsten av å innføra testkrav i heimlandet er. Me har ikkje teke avgjerda enno, seier verftssjef Ole Sandvik.

Aibel Haugesund har opprettet egen koronateststasjon inne på verftsområdet.

EIGNE TESTSTASJONAR: Både Kværner og Aibel har oppretta sine eigne teststasjonar. Her frå Aibel sin i Haugesund.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Veldig fornuftig

– Det er viktig å halda koronaen mest mogeleg vekk, så det er klart at det er ein fordel at dei utlendingane som kjem til Noreg blir testa i heimlandet. Det synest me er veldig fornuftig

Det seier direktør Knut Sunde i Norsk Industri.

Men slike testar er ikkje godkjende av norske myndigheiter. Utanlandske arbeidarar må difor testast også når dei kjem til Noreg.

– Men det er klart at blir dei testa tett opp mot avreise, er sannsynet for at dei som kjem friske, mykje større, seier Sunde.

Knut Sunde, direktør i Norsk Industri

LIKAR IDEEN: Knut Sunde, direktør i Norsk Industri, meiner det er veldig fornuftig å testa utanlandske arbeiderar tre gongar.

Foto: Tone Buene / Norsk Industri/Presse

FHI anbefaler ikkje tre testar

Folkehelseinstituttet anbefaler likevel ikkje eit krav om testing i heimlandet.

– Ein kan fort tenkja seg at jo fleire testar ein tar, jo betre er det. Slik er det faktisk ikkje. Tek ein for mange testar og for hyppig, blir det vanskeleg å tolka resultata etter kvart, seier Kristian Rødland. Han er overlege på avdeling for smittevern og beredskap hjå FHI.

Deira råd er at testane ein skal leggja til grunn for å finna ut om nokon skal i karantene eller ikkje, blir tekne i Noreg.

– Desse testane er ferskvare. Tar ein ein test to dagar før avreise, kan ein ikkje nødvendigvis stola på at det ikkje har skjedd noko dei to dagane, seier Rødland.

Overlege i Folkehelseinstituttet Ernst Kristian Rødland.

ANBEFALER IKKJE TRE TESTAR: Overlege Kristian Rødland ved FHI tilrår ikkje å kreva at alle utanlandske arbeidarar også må testa seg i heimlandet.

Foto: Maria Gran / NRK