24 nye smitta i Hyllestad - Høie får kritikk av kommunelegar

Kommunelegar er særs kritiske til at utanlandske arbeidarar kan gå rett i jobb etter første negative prøvesvar. Dei fryktar større utbrot som i Hyllestad, der 80 til no er smitta av korona.

Havyard Leirvik mai 2015

MANGE SMITTA: Smitten har utspring ved skipsverftet Havyard.

Foto: Alf Vidar Snæland

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Eg synest det er vanskeleg. Ein spelar litt hasard.

Kristine Brix Longfellow

VIL SKJE IGJEN: Kommuneoverlegen i Høyanger, Kristine Longfellow, trur det vil kome større smitteutbrot i andre kommunar.

Foto: Per Marifjæren / Helse Førde

Det seier kommuneoverlege i industrikommunen Høyanger, Kristine Longfellow, som følger utviklinga i nabokommunen Hyllestad frå time til time.

Hyllestad var måndag på over 100 gonger raudt smittenivå etter at over 50 av dei tilsette på skipsverftet Havyard i Ytre Sogn og nærkontaktar av desse, blei smitta av korona.

Tysdag kveld blei talet oppjustert med 24 personar til totalt 80 smitta personar. Det stadfestar ordførar Kjell Eide i Hyllestad til NRK.

Kommunen vurderer å gå i gang med ein ny testrunde av dei som så langt har fått negativt svar, opplyser Eide.

Måndag sa ordføraren at regjeringa må gripe inn og vurdere strengare reglar for arbeidsinnvandring til industrien.

I dag held det at dei som kjem frå EU og EØS-land blir testa ved framkomst til Noreg, ifølgje FHI. Dersom dei testar negativt er det rett ut i jobb.

Bent Høie

SEIER NEI: Helseminister Bent Høie har ikkje planar om å stramme inn reglane no.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

Men helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) seier nei til strengare reglar.

Om me skulle stramma inn og ikkje hatt noko unntak for karanteneplikta, så ville det hatt veldig store negative konsekvensar for veldig mange hjørnesteinsbedrifter i Noreg. Kommunar som Hyllestad, og mange andre mindre kommunar langs kysten, ville blitt veldig hardt ramma av det.

– Eit sjansespel

Det fell ikkje i god jord hjå kommuneoverlegar i fleire industrikommunar som NRK har snakka med. Dei er særs kritiske til unntaket arbeidsinnvandrarar har frå karanteneplikt, og fryktar fleire liknande hendingar som i Hyllestad.

– Det er ikkje spørsmål om det vil skje, det er eit spørsmål om når det vil skje, seier Longfellow.

Kommuneoverlege Jan Helge Dale

KRITISK: Kommuneoverlege i Kinn, Jan Helge Dale, vil ha strengare karantenereglar.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Jan Helge Dale, kommuneoverlege i Kinn, kallar delar av regelverket eit sjansespel, og ber om innstramming.

– Vi har opplevd at ein person testar negativt på første dag ved innreise. Og når vi testar på femte dag for at vedkommande skal kome heilt ut av karantenen, så får vi positiv prøve. Då har dei allereie starta i jobb, seier Dale.

Også kommuneoverlege i industrikommunen Årdal, Frode Myklebust, meiner at ein ikkje kan stole for mykje på første prøve.

– Prøvene gir ingen garanti. Det er viktig å ha med seg når ein planlegg for arbeidsinnvandring. Det første prøvesvaret gir ikkje veldig stor tryggleik. Andre prøvesvar gir langt større tryggleik, men ikkje full tryggleik det heller, seier han.

Frode Myklebust

INGEN GARANTI: Eit negativt prøvesvar på første test, treng ikkje bety at ein ikkje har koronasmitte, seier kommuneoverlege i Årdal, Frode Myklebust.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Større risiko

Marte Kvittum Tangen

STØRRE RISIKO: Det oppstår ein større smitterisiko med unntaket for karanteneregelverket, seier Marte Kvittum Tangen, leiar for Norsk forening for allmennmedisin i Legeforeningen.

Foto: Den norske legeforening

Marte Kvittum Tangen, leiar for Norsk forening for allmennmedisin i Legeforeningen, seier det blir større smitterisiko med unntaket.

– Etter at testen er teken, og i perioden fram til neste test, kan det gå ein periode kor ein kan utvikle covid-19 utan å ha symptom, men samtidig vere smittsam, seier Tangen.

Ho seier unntaket stiller store krav til arbeidsgjevar og korleis ein gjennomfører unntaket for karanteneplikta.

Verft krev to testar

På Sunnmøre er dei usamde med sogningane. Også der er mange bedrifter avhengige av utanlandske arbeidarar.

Ordføraren i Ulstein på Sunnmøre, Knut Erik Engh (Frp), meiner at bedriftene sjølve må ta ansvar for å sikre smittevernet.

– Verftet her er så redde for å få smitte at dei har mykje strengare interne reglar enn det blir lagt opp til nasjonalt. Det set vi som lokalsamfunn stor pris på, seier Engh.

Halvpartet av dei 600 arbeidarane ved verftet er utanlandske. Før arbeidarar frå raude land får starte å jobbe må dei teste negativt på to koronatestar. Medan dei ventar på desse testresultata bur dei i eigne karantenebrakker og har ikkje lov til å gå på butikken.

– Vi har ingen garantiar for å unngå koronasmitte, men vi føler at vi har minimert risikoen så langt som råd, seier Anna Louise Goksøyr, som er HR Manager på Ulstein Verft.

Anna Louise Goksøyr, Ulstein Verft

TO TESTAR: Anna Louise Goksøyr ved Ulstein Verft på Sunnmøre, seier arbeidarar må gjennomføre to negative testar før dei kan starte å jobbe.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 25.01.2021
2 048
Smittede/uke
135
Innlagte
544
Døde
71 971
Vaksinerte