Hopp til innhold

Hyllestad har no 100 gonger over raudt smittenivå

Den vesle kommunen med 1400 innbyggjarar har 36 med stadfesta koronasmitte, etter at 12 positive testsvar kom søndag. Men ordføraren vil ikkje ha lokale ekstratiltak.

Havyard i Leirvik i Hyllestad

SMITTA VERFT: Alle dei 36 smitta i Hyllestad arbeider på eller har tilknyting til skipsverftet Havyard.

Foto: Elise Kvien / NRK

Smittesporinga syner at alle tilfella kan sporast tilbake til skipsverftet Havyard, eller nærkontaktar til arbeidarar ved verftet.

Verftet med rundt 400 tilsette vart denne veka stengd på grunn av smittesituasjonen. Det same er skule og barnehage.

Saman med Stamina, Sunnfjord kommune og lokale folk i helsetenesta, har det blitt testa svært mange dei siste 4–5 dagane, også no i helga. Alle prøvane frå innbyggjarar i lokalsamfunnet har vore negative.

Definisjonen på raudt nivå er at det er fleire enn 20 med påvist smitte blant 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene. Når det er påvist 36 koronasmitta i Hyllestad, som berre har rundt 1400 innbyggjarar og 300 midlertidig verftstilsette, betyr det eit snitt på 2100-2500 smitta per 100.000 innbyggjarar.

Hyllestad har altså over hundre gonger fleire smitta enn grensa for raudt smittenivå.

Koronahotellet

Laurdag kveld kom 15 smitta verftsarbeidarar i buss til City Box Bergen Hotell på Danmarksplass, som er etablert som «koronahotellet» til Bergen kommune.

Koronasmitta frå Hyllestad til Bergen

TIL BERGEN: 15 av dei smitta frå Hyllestad kom laurdag kveld med buss til Bergen, for å bu i isolat på Bergen kommune sitt koronahotell.

Foto: Anders Nøkling / NRK

For å ivareta isolasjon av nokre av dei som har testa positivt, har kommunen fått bistand frå Bergen kommune. No er Hyllestad i dialog om at også fleire av dei nye smitta skal kunne bu i isolat på Bergen kommune sitt koronahotell.

«Vi reknar med at det går i orden, og er takknemlege for hjelpa vi mottar frå Bergen kommune,» heiter det i ei pressemelding frå kommunen søndag ettermiddag.

Ventar endå fleire smitta

Talet positive prøver laurdag var lågare enn forventa, men det skuldast at fleire av resultata kom først søndag. Testinga held fram til alle ved Havyard er testa, og kommunen forventar fleire positive resultat.

«Dei siste prøvesvara er med og stadfestar at vi har god oversikt og kontroll på utbrotet, og vi er optimistiske med tanke på vidare smitteutvikling,» skriv kommunen i pressemeldinga.

Å stenga ned eit heilt samfunn blir for voldsamt. Då skal det vera alvorleg.

Kjell Eide, ordførar i Hyllestad

Kommunen takkar innbyggjarane for å slutte lojalt opp mot smitteverntiltaka og respektere karantenereglane.

«Saman har vi greidd å halde smitten på eit minimum.»

Ordførar: – Ikkje lokale ekstratiltak

Ordførar Kjell Eide er ikkje heilt overraska over dei mange nye positive testresultata.

– Me frykta det, så det var ikkje heilt uventa. Og me ser ikkje vekk frå at det kjem fleire måndag, for mange har testa seg no i helga.

Til no har om lag 300 testa. Over 10 prosent er altså påvist smitta. Planen er å få testa resten av dei 400 verftstilsette mandag.

Samanlikna med folketalet er situasjonen i Hyllestad til dømes 20 gonger verre enn smitteutbrotet i Bergen tidlegare i haust.

Eide trur over 200 no er i karantene. Men kommunen planlegg ikkje ekstra restriksjonar for innbyggjarane.

– Nokon utanfrå har sagt at ein bør nekta inn- og utreise i Hyllestad. Det blir for voldsamt, så det har me avgjort å ikkje gjera. Å stenga ned eit heilt samfunn så ein ikkje får komma verken inn eller ut, vil ikkje eg i alle fall. Då skal det vera alvorleg, men det fungerar slik eg ser det no nokonlunde normalt, unntatt at verftet og skulen er stengde, seier ordføraren.

Verftsdirektør: – Alvorleg

Dagleg leiar ved Havyard, Erlend Hatleberg, vil søndag ikkje kommentera situasjonen der talet på smitta arbeidarar har auka kraftig.

Han sa laurdag at det har vore travelt dei siste dagane i form av arbeid med covid-19.

– Er du overraska over omfanget?

– Ja, på ein måte er vi jo det. Vi ser at det er ganske omfattande og det er ei alvorleg sak. Ein pandemi er ein situasjon vi ikkje er vane med å handtere. Vi prøver så godt vi kan etter dei retningslinjene vi har fått.

– Korleis har smitten kome til verftet?

– Det har vi inga formeining om. Det einaste vi fokuserer på no er smittevern, smittetiltak og prøve å få så god oversikt over situasjonen som vi klarer. Det er klart at smitten spreier seg på kontaktflater og i luft. Og uansett kor flinke vi er på smittevern, så er det også avhengig av kvar enkelt person tek smittevern på alvor.

Er retningslinjene dykkar gode nok og i samsvar med styresmaktene sine?

– Ja, i den forstand at vi prøver å etterleve det styresmaktene seier. Så er utfordringa om vi klarer å praktisere det godt nok i kvardagen, sa Hatleberg til NRK laurdag.