Hopp til innhold

Her herja koronaviruset – fylkeslegen vil stramme inn for utanlandske arbeidarar

Seks bedrifter langs kysten har hatt smitteutbrot blant utanlandske arbeidarar. I Vestland ber dei om ei innstramming av karantenereglane som industrien tidlegare har fått mjukna opp.

Havyard Verft, Hyllestad i Sogn

Her fekk koronaviruset spreie seg til mange arbeidarar før bedrifta måtte stenge ned. Vesle Hyllestad kommune vart den klart raudaste kommunen i landet med over 80 smittetilfelle.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Heile Europa lyser raudt. Polen er eit av landa med mykje smitte. Frå dette landet kjem det mange importarbeidarar til Noreg, og for tida også mykje importsmitte.

Dei siste vekene har 210 personar fått med seg smitte frå utlandet til Noreg. Halvparten av desse kom reisande frå Polen, og sannsynlegvis jobbar fleire av dei i norske industribedrifter.

Andre krav til industriarbeidarane

Då Noreg så vidt starta opp att etter nedstenginga i mars var det ei stor utfordring at innreisereglane var strenge. Difor har det vore viktig for industrien å få på plass nokre unntak.

Ein utanlandsk industriarbeidar slepp unna kravet om ei karantenetid på ti dagar. I staden for kan dei starte å jobbe så snart dei har tatt ein negativ koronatest. Men dei må ha karantene på fritida fram til dei tek ein ny test nokre dagar seinare. Om den også er negativ er dei ute av karantenen.

Men problemet oppstår om det viser seg at den første prøven vart tatt for tidleg, og arbeidaren faktisk var smitta av korona. Då kan smitta ha spreidd seg i bedrifta mellom første og andre prøve.

Smitte hos minst seks industribedrifter

Det var sannsynlegvis det som skjedde på verftet til Havyard i Hyllestad, der smittetalet etter kvart var over 80 personar med koronasmitte. I kommunen bur det litt under 1400 menneske.

Også Kværner på Stord og i Verdal, Aker Solutions i Egersund, Elkem i Salten, og ei bedrift i Randaberg har opplevd det same. Nokre stader har smitta blitt stansa raskt, mens andre stader har andre i bedrifta også testa positivt for korona. Ingenting tyder på at bedriftene har brote dei gjeldande reglane.

Seks stader i Noreg har dei opplevd at utanlandske arbeidarar testa negativt på første koronatest, og deretter positivt på den neste testen. I mellomtida hadde dei vore på jobb i bedrifta.

– Erfaringane frå nokre av utbrota viser at arbeidarane har spreidd smitte mellom test ein og to. Ein ønsker å unngå det i størst mogleg grad, og då er det naturleg å sjå på det testregimet som eksisterer, seier assisterande fylkeslege i Vestland, Jon Andreas Bratberg.

Han er stadig i dialog med kommunar og lokale smittevernlegar og meiner erfaringane frå Vestland viser at det trengst ei revurdering av den såkalla «fritidskarantenen» der arbeidarar kan gå på jobb, men vere i karantene på fritida.

Havyard Verft i Hyllestad i Sogn

Arbeidet kom i gang igjen på Havyard sitt verft i Hyllestad denne veka.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Fleire bedrifter strammar inn på eige initiativ

Norsk Industri, som er arbeidsgjevarane sin organisasjon, skjønner uroa til den assisterande fylkeslegen, men dei viser til at det er smitte mange stader i samfunnet, og ikkje berr i industrien. Dei meiner ei innstramming av reglane kan bli dyrt for industrien, og at dei lener seg på vurderingane frå dei nasjonale helsestyresmaktene.

– Me veit at legar rundt om i Noreg tenker annleis og har andre tankar om dette. Og det er heilt rett at dei har i ein debatt som er vrien reint smittevernfagleg, og som også er i skiljet mellom omsynet til helse, og det å få landet til å gå rundt, seier direktør for bransje- og industripolitikk, Knut E. Sunde.

Fleire av bedriftene som har opplevd smitte har på eige initiativ innført strengare smittevernreglar enn dei er pålagde. Kværner og Aker Solutions vil no teste alle utanlandske arbeidarar før avreise frå heimlandet, mens Havyard skal ha arbeidarar i karantene heilt til dei har fått negative svar på begge prøvane.

Helsedirektoratet vil følge med på utviklinga

Men sjølv om fleire bedrifter meiner det er behov for strengare reglar for deira eigen del, så vil verken Helsedirektoratet eller Folkehelseinstituttet utan vidare stramme inn slik at det vert strengare reglar for alle.

– Det som førebels har kome fram er at det ikkje først og fremst er reglementet som har vore feil, men praktiseringa av det. Sjølv om ein seier at ein har hatt karantene i fritida, så har ein ikkje levd som at ein har karantene. Ein har budd for tett, seier Guldvog om smittetilfella som har vore i industrien så langt.

Guldvog seier at Helsedirektoratet vil følge med på korleis unntaksreglane i industrien fungerer, og at dei må vurdere å stramme inn reglane om det skulle vise seg at det oppstår fleire smitteoppblomstringar blant utanlandske arbeidarar i norske industribedrifter.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger