Håper på full kyrkje

Prosten på Søre Sunnmøre, Ingeborg Matre, skal for første gong halde påskegudsteneste i Volda kyrkje. Ho håper på full kyrkje.

Prosten i Volda gjer seg klar til påska

Prosten i Volda gjer seg klar til påska. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Ei fersk undersøking viser at det no for første gong er like mange som ikkje trur på Gud som trur på Gud. Dette meiner prosten er ei utfordring for kyrkja. Ho synest først og fremst det er trist at så mange går glipp av det dei har å fortelje.

Engel Volda

Engel ved kyrkjegarden i Volda.

Foto: Arne Flatin / NRK

Påska er kanskje den aller viktigaste kyrkjehøgtida og 1. påskedag spesielt er det framleis mange som tek turen til kyrkjebenkane. Like godt besøk som julehøgtida er det likevel ikkje. Langt fleire er ute på reise i påska, medan jula står veldig sterkt hos folk flest.

Ingeborg Matre har vore prost på Søre Sunnmøre, lokalisert i Volda, i over to år no. Ho skal halde to gudstenester denne påska. 1. påskedag i praktkyrkja i Volda sentrum.

Ingeborg Matre

Ingeborg Matre, prost i Volda.

Foto: Arne Flatin / NRK

Cash-melodiar

Mannen hennar, Sindre Løvik, er også prest. I tillegg er han glad i å synge og spele på gitar. Han framfører eit par Johnny Cash melodiar som kan høve godt ved inngangen til påska.

Melodien ain't no grave (Can Hold My Body Down) er ein klassikar frå den avdøde artisten og Løvik syng Cash-melodiar både på engelsk og omsett til norsk. Sindre Løvik kjem frå Dalsfjorden i Volda, medan Ingeborg Matre er frå Stavanger.

Sindre Løvik syng Johnny Cash

Sindre Løvik syng Johnny Cash. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Prosten i Volda likar å pynte kyrkja til påske. I veka før påske har ungar frå barnehagane vore innom med sjølvlaga gule blomster som ho gjerne vil bruke til å dekorere kyrkjerommet.

Voldakyrkja er stor og fin, med mange flotte detaljar både inne og ute. Ingeborg Matre reknar med det vert fullt 1. påskedag. Erfaringsmessig er det mange som kjem til kyrkje då, sjølv om mange av dei er av ein litt eldre årgang.

Påske Volda

Påske i Volda.

Foto: Arne Flatin / NRK