Hopp til innhold

Horrem: – Det er alltid moro å møte Brasil

Superveteran Iver Horrem (37) synest det er svært moro å få spele sandvolleyball i Stavanger igjen. Med verdseliten på plass håper han å imponere.

Eithun og Horrem

Geir Eithun og Iver Horrem var nærast siger av dei norske herrelaga i Stavanger torsdag. Her frå EM.

Foto: www.cev.lu

Horrem frå Aukra gjekk derimot på tap i første kamp saman med makker Geir Eithun (33) frå Førde. Like før kampen var derimot håpet stort.

– Det er puljespel med fire lag i kvar pulje, så vi spelar uansett tre kampar. For oss er det ikkje eit tema å ryke ut tidleg, planen er å kome langt i turneringa, sa Horrem til NRK.

– Vi håper i alle fall på topp ti, helst vil vi minst til semifinale, fortalde han vidare.

Les om resultata så langt nedst i artikkelen.

Iver Horrem

Iver Horrem er svært glad for at Grand Slam-turneringa i Stavanger er tilbake.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Verdseliten likar Stavanger

Stavanger Grand Slam starta onsdag. Det er éi av dei ni høgst ranka sandvolleyballturneringane i verda, noko som gjer at heile verdseliten prioriterer turneringa.

– Dette er ei turnering som har vore borte i to år, men som no er tilbake. Den har vore veldig sakna av både norske spelarar og internasjonale spelarar, avslører Horrem.

Han fortel at utanlandske kollegaer gjennom mange år omtalar både Stavanger og Noreg som fantastisk og flott.

– Så det er veldig mange «happy» folk som går rundt i Stavanger denne veka, meiner romsdalingen.

– Folkefest

Horrem rosar i tillegg dei som møter opp og følgjer turneringa.

– Vi har vore heldige frå første år med at Stavanger har tatt turneringa til seg. Det har vore ein folkefest frå dag éin. Heldigvis ser det ut til å bli fint vêr i år, så då er ramma perfekt.

I turneringa omtalar han Brasil og USA sine lag som faste favorittar.

– USA hadde to lag i finalen i førre turnering. Brasil har historisk sett gjort det svært bra i Stavanger, men du har også gode nasjonar i Tyskland, Nederland og Polen, meiner Horrem.

Mange lag kan med andre ord vinne turneringa – også Horrem/Eithun, meiner Horrem.

– Det hadde kanskje vore moro å slå Brasil no i desse VM-dagar?

– Det hadde vore stas. Det er alltid moro å møte Brasil, spesielt når vi slår dei, runda Horrem av.

Tap for alle mennene

Medan kvinnene opna turneringa onsdag, opna mennene i dag torsdag.

Duoen Morten Kvamsdal og Øivind Hordvik opna med tap 0–2 for den amerikanske duoen Hyden/Bourne i pulje G.

Horrem og Eithun tapte 1–2 mot canadiske Schalk/Saxton, medan rekordunge Mathias Berntsen (1996) og Anders Mol (1997) tapte 0–2 for polske Kadziola/Szalenkiewicz.

I løpet av ettermiddagen og kvelden skal alle dei norske herrelaga i aksjon på ny i Stavanger. Dei tre norske kvinnelaga skal òg spele sine andre kampar torsdag ettermiddag.