Hopp til innhold

Handikappa fryktar gamle ferjer

Handikapforbundet fryktar ei anbodsordning som fører til eldre ferjer som gir dårlegare kvalitet for deira medlemmer.

Handikapforbundet om eldre ferjer og universell utforming.

På det store ferjemøtet på Larsnes i går snakka Handikapforbundet om kor viktig det er at ferjene er universelt utforma, tilgjengeleg for alle. Anbodsordninga gjer at Norled ønskjer å sette inn ferja Austevoll på sambandet via Larsnes.

Alvhild Kvamme Iversen

Alvhild Kvamme Iversen

Foto: Privat

Alvhild Kvamme Iversen i Handikapforbundet i Sande fryktar følgjene av dette, sjølv om Norled seier dei skal bygge om ferja slik at ho tilfredsstiller alle krav. Forbundet meiner det ikkje alltid er like lett å få eldre ferjer ombygde til universell utforming.

Fylkesleiar i handikapforbundet, Bjørn Jacobsen, fryktar at ein gamal båt aldri kan verte heilt god. Det seier han basert på erfaringar dei har gjort.

- Sjølv nyferja Edøyfjord som går til Smøla har nokre punkt som ikkje er gode, medan dei ombygde ferjene som går Halsa – Kanestraum ikkje er i nærleiken av Smøla- ferja, men likevel til å leve med, skriv Jacobsen til NRK i ein e-post.

Enkle krav

Jacobsen seier at det handlar om at deira medlemmer ønskjer det samme som alle andre når dei tek ferja. Ein tur på toalettet, ein kopp kaffi i salongen og det å kunne kjenne seg trygg.

(Artikkelen held fram under bildet)

Engasjement på ferjemøte

På ferjemøtet på Larsnes i går. Alvhild Kvamme Iversen i høghalsa genser til venstre i bildet saman med Bjørn Jacobsen i skjorte kom med innspel til møtet om at dei fryktar kva som kan skje når eldre ferjer vert sette inn i sambanda som følgje av anbodsorninga.

Foto: Arne Flatin / NRK

Fylkesleiaren i handikapforbundet seier dei er fornøgde med at dei får vere med på møta mellom vegvesenet og Norled når ferjene skal få universell utforming. På denne måten får dei sagt frå undervegs slik at det ikkje vert løysingar som det er uråd å endre på i ettertid.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL