NRK Meny

Handballglede i Molde

Trass i at det blei tap for handballjentene til Molde HK Elite, blir det eliteseriespel også neste sesong. Kvinnene har ein bortekamp att av årets sesong, men har alt sikra vidare spel i eliteserien. – Det er fantastisk! Det har vore ein tøff sesong som nykomlingar, men vi har klart målet vårt, og eg er skikkeleg stolt, seier trenar Magnus Johansson til NRK.

Molde HK
Foto: Roar Strøm / NRK