Hopp til innhold

Han driv limousinutleige i ei bygd med 260 innbyggjarar

På smale vegar i Geiranger rullar ein åtte meter lang limousin. I skinnseter, bak sota vindauge, får kresne turistar ein luksus dei neppe venta å finne i ein trang vestlandsfjord. No er det tv-sjåarane som skal få oppleve ei ny side av turistbygda.

Hallgeir Greger i Geiranger

Hallgeir tilbyr spektakulær natur for kundane sine. Han meiner innpakkinga ikkje kan vere dårlegare.

Hallgeir Greger

Limousinsjåføren har sin faste plass i turistbygda.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Den siste originalen i bygda, kallar han seg. Når cruiseskipa stemner inn Geirangerfjorden og folket strøymer i land, står Hallgeir Greger klar og tar i mot.

Hos limousin-gründeren frå Eidsdal på Sunnmøre kan kundane nyte naturen på første klasse. Og det står ikkje på entusiasmen.

– Mitt hovudmål i livet er å få folk til å oppdaga meir av verdsarvområdet enn berre Geiranger, seier Hallgeir Greger.

For all del, han har ikkje eit vondt ord å seie om turistbygda. Men det er så mykje meir å sjå, meiner han.

– Eg ønskjer at dei stansar opp og ikkje reiser så raskt vidare. At dei blir verande nokre dagar, rett og slett.

Geiranger

I sommarsesongen kjem om lag 700 000 turistar innom turistbygda Geiranger.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Vil gi turistane det vesle ekstra

Skilt limousin towncar

Hallgeir Greger steller godt med bilane sine. Lincolnen blir vaska og stelt før turistane tar plass.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

I ti år har 54-åringen drive sitt eige limousin-selskap, i ei bygd med 260 innbyggjarar. I garasjen finst både ein Lincoln towncar frå 1993 og aller gjævast: Ein Cadillac Fleetwood 1992-modell.

Denne veka har han vore på EU-kontroll. 1. april skal bilane vere klare for ein ny sesong.

– Bilen er godkjent, så no er eg i startgropa. Eg har ikkje vinterdekk, så eg ventar til eg er sikker på at snøen er borte, seier han.

Hallgeir Greger

Det vankar alltid gode historier når Hallgeir Greger skyssar turistane. Få kjenner området betre enn han.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

På sikt ønskjer han å utvide med eit eige reiseselskap. Men førebels er det limousinar og guiding som gjeld. Standardturen går til spektakulære Ørnesvingen og Flydalsjuvet, men dei som har tid, får noko heilt spesielt.

– Hos meg får dei ein tur til himmelriket, slik eg ser det. Turistar i dag vil ha noko eige, dei vil ikkje berre stå i kø. Eg viser dei små perler dei ikkje visste om.

Natur i Geirangerområdet

Hallgeir Greger brenn for å vise turistane at verdsarvområdet er meir enn Geiranger. Ein av turane går til Rellingssetra.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Trur på sesongen i år

Limousin i svingane opp frå Geiranger

Det er ikkje berre lett å manøvrere ein åtte meter lang limousin på smale og svingete vegar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

To liter på mila. Dyre reparasjonar. Vanskar med å finne parkeringsplass. Dårleg ver. Lista over hindringar er lang. Men for optimisten Hallgeir handlar det mest om moglegheiter.

– Eg har fått nytt bookingsystem, slik at turistane kan site i stova si og ta kontakt med meg. Eg har alt fått mange bestillingar, så eg har tru på sesongen i år.

Hallgeir Greger

Telefonen ringer stadig, for kundane må få svar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK