Det er om lag to veker sidan Kari Haugen Larsen tok turen til turistbruene i Skodje. Larsen, som til vanleg bur i Kristiansand, var på besøk hjå familien då dei bestemte seg for å ta turen til det populære turistmålet.
– Det var tydeleg at dei hadde pussa opp og det var eit kjempeflott byggverk. Vi gjekk ut på den fyrste brua, og det tok ikkje lang tid før barna i følget byrja å utforske brua, fortel Larsen.
Livsfarleg
Blant anna var det firkanta steinfundament som stakk litt utanfor brua med tjukt glas i alle sidene som barn lett kan klatre inn i. Det gjorde også seksåringen i Larsen sitt følgje.
– Då eg kom litt lenger inn på brua såg eg plutseleg at fleire av glasplatene på brua mangla. Så såg eg plutseleg at seksåringen vår stakk hovudet ut av firkanten, fortel ho.
For også der mangla det ein av glasplatene, noko som gjorde at seksåringen lett kunne ha ramla ut av firkanten og ned i elva. Ho fortel også at det var fleire plassar der barn kunne falle gjennom på grunn av manglande glasruter. Larsen tykkjer det er skummelt at brua ikkje var betre sikra.
- Les også:
– Det er rett og slett livsfarleg. I tillegg var det vanskeleg å sjå at rutene mangla når ein kom frå den andre sida, seier Larsen.
Ho trur det er lett å anta at det er glas overalt på brua, og kanskje oppdagar ein det ikkje før det er for seint, meiner ho.
– Når ein går på fjellet og ser at det er bratt så er ein meir merksam på det. Brua ser i fyrste omgang trygg ut, men så er ho kanskje ikkje det likevel.
Artikkelen held fram etter bildet.
Det er langt ned ved Skodjebruene, og eit fall kan vere fatalt. Det er også derfor at Statens vegvesen ville sikre rekkverket med glasplater.
Foto: Besnik Zogaj / NRKEtterlyser tiltak
Det manglar glas fleire stadar på brua, truleg som følgje av hærverk.
– Ein plass hang halve ruta att og ein kunne tydeleg sjå at nokon hadde prøvd å knuse ho, fortel Larsen.
No håper ho at bruene vil bli betre sikra.
– Det må i alle fall kome på plass ei mellombels sikring slik at det blir lettare å sjå kor glaset manglar, seier Larsen.
– Det er ein utruleg flott plass, og eg kan tenke meg at mange barn, familiar og skular tek turen dit, for det er ein veldig spanande plass for barna, held ho fram.
- Les også:
– Heilt forferdeleg
Skodje-ordførar Terje Vadset (Frp) synest det er trist har øydelagt delar av brua med vilje.
Foto: Arkiv / NRKTerje Vadset, ordførar i Skodje kommune, tykkjer det er trist at nokon igjen har gjort skade på brua.
– Det er ti til tolv glasruter som er knust. Det er heilt forferdeleg at folk ikkje har betre ting å gjere på enn å øydelegge brua, seier Vadset.
– Glaset blei sett der som ei sikkerheit for barn. Det er eit veldig flott område å ferdast i, så det er dumt at det har blitt slik, legg han til.
– Nye glasplater på veg
Vegvesenet jobbar no for å få på plass nye glasplater på brua. Det stadfestar Ragnhild Relling som er sjefingeniør i bru- og kaiseksjonen.
– Eg tør ikkje seie for sikkert når det skjer, men det blir snarast mogleg, seier ho.
Relling seier ho forstår at somme vert frustrerte over at tryggleiken så god som han burde vere.
– Vi sette jo opp desse glasplatene nettopp for å betre tryggleiken, då er det synd at nokon bevisst øydelegg dei.
– Vi kjem nok til å gå ein runde på dette internt, for å sjå om det også er andre tiltak vi kan vurdere, avsluttar ho.
Skodjebruene er eit kjent landemerke i området.
Foto: Besnik Zogaj / NRK