– No må vi berge laksestammen

Elva Måna i Rauma var lenge den einaste elva i området der lakseparasitten ikkje var påvist. No viser prøver frå veterinærinstituttet at også denne elva er smitta.

Måna Måndalen

Elva Måna var lenge den einaste elva i Rauma som ikkje var infisert av gyrodactilus salaris. No er imidlertid stadfestinga komen: Det ER lakseparasitt i denne elva også.

Foto: NRK

Elvane i Rauma har vore eit paradis for laksefiskarar i alle år. Men i 1993 blei alle elvane i Romsdalsfjorden behandla med gifta rotenon for å få bort lakseparasitten. Behandlinga såg lenge ut til å vere vellukka. Men i 1997 blei det på nytt påvist smitte i elva Ruma.

Denne smitten har spreidd seg i elva Rauma, så til naboelvane Isa, Glutra og Innfordelva. Til slutt var det berre Måna som var fri for gyrodactilus salaris. Torsdag 27. oktober stadfesta Veterinærinstituttet at også Måna er smitta.

Ny rotenonbehandling

Den 15. juli i sommar blei det teke prøver av 30 lakseungar frå Måna. Prøvene blei analyserte ved Veterinærinstituttet først no i oktober. Og i dag går alarmen.

Seniorrådgiver i Mattilsynet i Romsdal Inger Mette Hogstad

Seniorrådgjevar i Mattilsynet i Romsdal, Inger Mette Hogstad.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

– Planen er at elvane i området skal behandlast med rotenon igjen i 2013 og 2014. Denne gongen blir det fleire gjentekne behandlingar, seier Inger Mette Hogstad i Mattilsynet i Romsdal.

Tek vare på arvematerialet

Prøvene viste at to av tretti lakseungar hadde fått på seg parasitten. Ei behandling med rotenon i elva inneber at alt liv der blir drept. Men arvematerialet til laksestammen i elvane blir tekne vare på.

– No er det viktig å setje fart på arbeidet med å bevare laksestammen frå Måna. Stammen er teken vare på i den levande genbanken. Det kan vere nyttig å fange meir stamfisk. Så set vi i gang planlegginga av rotenonbehandlinga av Måna, seier Hogstad.