Hopp til innhold

Rotenon reddar Rauma

Gifta Rotenon skal på nytt pøsast ut i elva Rauma. Målet er å få parasitten gyrodactilus vekk og å få laksen tilbake.

Laksefiske i Rauma Elv, Romsdal. Trollveggen i bakgrunnen.

Elva Rauma renn ned Romsdalen. Her passerer elva Trollveggen.

Foto: Terje Rakke/Fjord Norge AS

Gifta skal sprøytast ut i 2011 og 2012. Fem år seinare kan Rauma-vassdraget truleg opnast for laksefiske på nytt.

Etterlengta behandling

Når meldinga om at rotenonbehandlinga skal ta til på nytt, er dette i tråd med dei planane som har vore lagde for ei tid sidan. Raumavassdraget skulle stå for tur når behandlinga av elva Vefsna var ferdig.

Aage Wold

Aage Wold er leiar i organisasjonen 'Norske lakseelver'

- Denne behandlinga er heilt naudsynt, seier leiar i organisasjonen "Norske lakseelver", Aage Wold. Vi har venta på dette i fleire ti-år. Vi har arbeidd hardt for å få løyvingar til dette, for vi ser ingen annan veg ut av uføret. Det er ein tragedie at desse perlene av nokre elvar skal ligge på sotteseng eller vere heilt dau, seier Wold tl NRK Møre og Romsdal.

Rotenon framfor aluminium

Batnfjordselva sjuk igjen

Daud elv

Parasitten Gyrodactilus salaris har langt på veg teke knekken på laksestammen i Rauma. No er planen å ta vare på genmaterialet til laksestammen, men drepe den infiserte laksen i elva. Denne metoden har vist seg å vere den einaste effektive måten å få bort parasitten på.

Rotenon

Rotenon.

Foto: NRK

- Får vi ikkje gjort dette blir elva liggande dau, seier Aage Wold. Det er nesten ikkje fisk att i elva, bortsett frå litt fisk som er halden kunstig i live og litt oppdrettsfisk. Det fins ikkje nokon annan utgang på dette no enn å behandle elva med Rotenon, seier han.

Vassdrag friskmeldt etter 35 år

Dreper alt i elva

Ny kamp mot lakseparasitt

Blir liggande brakk

Elva Rauma blir liggande brakk medan behandlinga pågår, og medan laksestammen blir bygt opp att.

- Vi kan ikkje begynne å fiske på laksen før han er blitt stor nok. Difor må vi godta ein brakkleggingsperiode. Det får sjølvsagt økonomiske følgjer om elvane ikkje kan opnast før sommaren 2017. Men kvart einaste år har vi tapt like mykje som behandlinga kostar. Og når vi har venta på dette i bortimot 30 år, så klarer vi å vente litt før vi kan opne elva for fiske igjen, seier Aage Wold.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no