NRK Meny

Guttelvik går inn for Kristiansund

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik går inn for å få politimeisteren til Kristiansund.

Han meiner fylkesutvalet bør råde Politidirektoratet til å ta omsyn til ei jamnare fordeling av statlege arbeidsplassar når dei vel lokalisering av administrasjonsstad for det nye Møre og Romsdal politidistrikt.