Hopp til innhold

Restestoff frå møbelindustrien blir til skreddarsydde kåper

Familiebedrifta Kaape går tilbake i historia for å forsøke å få til ein meir berekraftig norsk klesproduksjon.

DESIGN: Mor Lilla Rødal og døtrene Josefine og Kornelia Rødal Tomren (i midten) testar ut korleis den nye kåpa av restestoff skal bli.

DESIGN: Mor Lilla Rødal og døtrene Josefine og Kornelia Rødal Tomren (i midten) testar ut korleis den nye kåpa av restestoff skal bli.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,14 °C
Les mer  om klima

Mor Lilla Rødal, døtrene Kornelia og Josefine Rødal Tomren og skreddaren Olga Litvinenko er i ferd med å skape ei ny kåpe i systova i Tomrefjord i Vestnes.

Målet er at kåpene dei lagar skal vere så berekraftige som mogleg, og at all produksjon skal skje i Noreg.

– Her hadde vi ikkje nok restestoff til å lage ei heil kåpe. Så då fann vi ut at ho kunne vere todelt. Dette stoffet er frå møbelbedrifta Formfin, forklarar Kornelia.

Olga Litvinenko, Kornelia Rødal Tomren, Lilla Rødal og Josefine Rødal Tomren i gang med å designe ei ny kåpe av restestoff.

Olga Litvinenko, Kornelia Rødal Tomren, Lilla Rødal og Josefine Rødal Tomren i gang med å designe ei ny kåpe av restestoff.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Historie og framtid

Både mor og dei to døtrene har andre jobbar ved sida av Kaape.

Dei seier det er vanskeleg å tene mykje pengar på kleda når dei stiller strenge krav til korleis dei blir laga.

Håpet er at det skal bli lettare i framtida.

– Det er som å pløye upløgd mark på mange vis. Vi vil produsere i Norge, og bruke så berekraftig stoff som mogleg. Enten restestoff eller norsk ull. Og dette kostar litt. Det kostar meir enn kva andre tilbyr, forklarar Kornelia Rødal Tomren.

Kornelia Rødal Tomren er forretningsutviklar i Kaape.

Kornelia Rødal Tomren er forretningsutviklar i Kaape, men jobbar samtidig med forretningsutvikling i ventilasjonsbedrifta Copra i samme bygg.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Klesproduksjon er ikkje nytt i den vesle bygda Tomrefjord.

Tomren Fabrikker AS hadde i 1939 rundt 170 arbeidarar og produserte rundt 30.000 plagg det året. Etter kvart vart konkurransen frå utlandet for hard, og bedrifta blei lagt ned i 1977.

Kaape

Josefine Rødal Tomren hentar inspirasjon frå gamle teikningar konfeksjonsindustrien i Romsdal har brukt.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Denne arven vil familiebedrifta forsøke å ta vare på, sjølv om målet ikkje er å bli like store.

– Det finst folk som synest det vi driv med er kjempebra, og at kåpene er fine, så spør dei om vi ikkje kan produsere dei i Kina for å få ned prisen. Men det blir jo heilt feil. Det er ikkje vårt konsept, seier Josefine Rødal Tomren.

Er du villig til å kjøpe færre, men dyrare plagg som er betre for miljøet?

Oppskriftsboka og skreddersaksa til skreddaren Randulf Vik frå Tomrefjord er på plass i lokala til Kaape.

Historie er viktig for damene i Kaape. Oppskriftsboka og skreddersaksa til skreddaren Randulf Vik frå Tomrefjord er på plass i systova.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Får ros

Vi kjøper rundt 70.000 tonn nye kle kvart år til saman her i Norge. Statens institutt for forbruksforsking har dokumentert at kvar person i gjennomsnitt har 359 plagg i klesskapet. Dette er ei stor belastning for klima og miljø.

Administrerande direktør i Svanemerket, Cathrine Pia Lund, er difor kjempeglad for at bedrifter som Kaape prøver å snu trenden med «fast fashion».

– I dag er det ein enorm overproduksjon av kle og tekstilar i verda. Alle er vel einige om at det totale forbruket må ned, seier ho.

Cathrine Pia Lund, administrerende direktør i Svanemerket.

Cathrine Pia Lund, administrerende direktør i Svanemerket.

Foto: CF-WESENBERG

Ho synest ideen om å bruke restestoff frå møbelindustrien, som kanskje elles ville blitt kasta, er kjempegod.

– Det er både kreativt, det er bra for klimaet og miljø og det er jo veldig stilig for dei som ønsker kvalitetsklede utanom det vanlege, seier ho.

Kåpene er inspirerte av gammal design frå Romsdal.

Kåpene er inspirerte av eldre design frå Romsdal.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
Kåpene er skreddarsydde og av norsk ull eller restestoff frå møbelindustrien.

Kåpene er skreddarsydde og av norsk ull eller restestoff frå møbelindustrien.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
Ny kåpe inspirert av gammalt design.

Ny kåpe inspirert av gammalt design.

Det er ikkje lett å få tak i ein skreddar. Ukrainske Olga Litvinenko har lang erfaring og har no fått språkpraksis i bedrifta.

Det er ikkje lett å få tak i ein skreddar. Ukrainske Olga Litvinenko har lang erfaring og har no fått språkpraksis i bedrifta.

Restestoff frå møbelindustrien blir til skreddarsydde kåper.

Restestoff frå møbelindustrien blir til skreddarsydde kåper.

– Men plagg produserte på denne måten blir dyre. Korleis kan folk ha råd til å kjøpe dei?

– Vi er blitt vant til at kle er veldig billig. Og vi er kanskje ikkje klar over kor ressurskrevjande tekstilproduksjon faktisk er. Det er veldig lang veg frå bommulsmark til butikkhylle, så her trur eg vi alle må bidra til ei haldningsendring, seier Lund.

– Om ein kjøper kle av god kvalitet som varer lenger, er det ikkje sikkert det blir så mykje dyrare i det lange løp, legg ho til.

Treng ikkje bli så store

I den kombinerte kåpebutikken og systova til bedrifta Kaape i Tomrefjord, blir kåpene laga etter inspirasjon frå gamle mønster frå den gongen ei kåpe var meir som ein bunad og skulle vare livet ut.

Lilla Rødal justerer den nye kåpa som er under produksjon.

Lilla Rødal justerer den nye kåpa som er under produksjon.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

– For min del begynte dette med at eg ville ha ei kåpe som varte lenge, og som eg kunne bruke kvar dag. Sånn som bestemora mi gjorde. Ho hadde ei kåpe som var laga her i Tomrefjord og den brukte ho på butikken, i gravferd eller bryllaup, forklarar Lilla Rødal.

– Korleis er det å forsøke å bygge opp att konfeksjonsindustrien i Tomrefjord?

– Nei, det er ikkje enkelt. Men her tek vi ei kåpe om gangen, og så får vi sjå.